- Hjem
- Forfattere
- Edvard Hoem
Edvard Hoem
Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009–2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut høsten 2020.
I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnemnt til Kommandør av St. Olavs Orden for framifrå innsats for norsk litteratur og kulturarv.
Litterære priser
Herman Wildenveys poesipris 2022
Brages hederspris 2019
Språkprisen 2013
Neshornet, Klassekampens kulturpris 2009
Ibsenprisen 2008
Petter Dass-prisen 2007
Melsomprisen 2006
Melsomprisen 1988
Doblougprisen 1988
Nynorsk litteraturpris 1987
Aschehougprisen 1985
Kritikerprisen 1974
Bøker av Edvard Hoem
Nyheter

Edvard Hoem - Flere forfatterportretter

Edvard Hoems felemaker til Tyskland

Edvard Hoems Felemakaren 3. plass på bestselgerlista

Edvard Hoems nye roman rett inn på 2. plass på bestselgerlista

Edvard Hoems Felemakaren i nytt opplag – nå 46 500

Strålende kritikker til Edvard Hoems Felemakaren – rettigheter solgt til Danmark
