Audun Hestakorn

skodespel

Velg format

kr 198
ISBN
9788249501380

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2002
ISBN 9788249501380
Innbinding Pocket
Tittel Audun Hestakorn
Bokgruppe 414
Emne 1800-tallet Skuespill Vestlandet Skjønnlitteratur
"Audun Hestakorn" er eit historisk drama om statsmannen Audun Hugleikson (1240-1302) som enda sitt liv i galgen. Audun var stallar og fehrid for kongane Magnus Lagabøter og Eirik Magnusson, og saman med kong Magnus utforma han landslova, og var sendebod for den norske kongen til utlandet. Da Håkon den 5. overtok makta, vart Audun fengsla og seinare hengd på Nordnes i Bergen. Vi møter Audun på galgebakken, der han på uventa vis får muligheit til å sjå tilbake på sitt eige liv. Var det ei kvinne eller politiske intrigar som vart Auduns bane? "Audun Hestakorn" hadde urpremiere i Jølster 2. august 2002.
Edvard Hoem

Edvard Hoem

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fire bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016) og Liv andre har levd (2017), har eit opplag på over 500.000. Den kritikerroste Jormor på jorda. Huset under Blåhammaren er eit forspel til serien, og kom ut i 2018 til strålande kritikkar. 

I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

 

Litterære priser:

Brages hederspris 2019

Språkprisen 2013

Neshornet, Klassekampens kulturpris 2009

Ibsenprisen 2008

Petter Dass-prisen 2007

Melsomprisen 2006

Gyldendalprisen 1989

Melsomprisen 1988

Doblougprisen 1988

Nynorsk litteraturpris 1987

Aschehougprisen 1985

Kritikerprisen 1974

Les mer