Ute, langt der ute

Velg format

kr 209
Kommer for salg
15.11.2021
ISBN
9788249524662

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2021
ISBN 9788249524662
Innbinding Ebok
Tittel Ute, langt der ute
Bokgruppe 852
Emne Lyrikk Skjønnlitteratur
"Så syng eg da, ein song for deg.
Eg syng at våren er på veg.
Så mangt slo feil, så mangt forsvann.
Snart står vi der, i vårens land.
Der blomstrar hegg og villmorell
i skimmerlys ein maikveld

Mens dører stenger, håp forsvinn,
syng eg om sol og frålandsvind,
om lukt av sjø, og bråtebrann,
og klokkeklang frå fjerne land,
om bølgjebrus ved nakne skjer,
ein song om alt som ikkje er.

Eg syng ein song, ein gammal song,
om det som var, til neste gong.
Snart når vi fram, det veit vi vel
frå avstand, frykt og maskespel.
Eg rører ved deg. Vi er her.
Og eg veit alltid kven du er."

Edvard Hoem begynte å skrive dikt da han gjekk på gymnaset i Molde, og lenge tenkte han at det var lyrikar han skulle bli. I 1969 debuterte han med samlinga Som grønne musikantar. Ved sida av og mellom dei mange romanane har Hoem halde fram med å skrive dikt. Som lesarane hans veit, set det lyriske språket eit sterkt preg på prosaen hans. Teaterstykka hans blir stadig avbrotne av songar. Kjærleiksdikt og store «konsertdikt» som er skrivne spesielt med tanke på å bli lesne høgt, skifter om å ta leiinga i poesien hans. Salmane blir eit markant innslag i forfattarskapen frå det tidlege 1980-talet, men styrken både i salmane og kjærleiksdikta er alltid det sanselege,
musikalske og inderlege.

Bibelspråk, naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Dikta som er valde ut i denne boka spenner over eit stort spekter, men sjølv om ein del av dei er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder. Derfor når dei fram til oss
Edvard Hoem

Edvard Hoem

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut høsten 2020. 

I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

 

Litterære priser:

Brages hederspris 2019

Språkprisen 2013

Neshornet, Klassekampens kulturpris 2009

Ibsenprisen 2008

Petter Dass-prisen 2007

Melsomprisen 2006

Melsomprisen 1988

Doblougprisen 1988

Nynorsk litteraturpris 1987

Aschehougprisen 1985

Kritikerprisen 1974

Les mer

Nyheter

Rekordhøyt forhåndssalg av Edvard Hoems nye roman

Det er en formidabel interesse for Edvard Hoems kommende roman, Felemakaren. Allerede nå er halvparten av førsteopplaget på 25.000 eksemplarer solgt til bokhandel.
Les mer

Strålende kritikker til Edvard Hoems Felemakaren – rettigheter solgt til Danmark

Edvard Hoems roman Felemakaren ble lansert 20. november til strålende kritikker. Rettighetene ble solgt til Danmark før utgivelsen i Norge.
Les mer

Edvard Hoems Felemakaren i nytt opplag – nå 46 500

Etter kun fem dager i salg trykkes Edvard Hoems kritikerroste roman Felemakaren  i et nytt opplag på 15 000 bøker. Samlet opplag er med dette på 46 500 bøker. 
Les mer

Edvard Hoems nye roman rett inn på 2. plass på bestselgerlista

Etter kun to dager i salg går Edvard Hoems Felemakaren rett inn på 2. plass på Bokhandlerforeningens bestselgerliste. Boken ligger på 4. plass på lista over mestselgende e-bøker.
Les mer

Edvard Hoems Felemakaren 3. plass på bestselgerlista

Edvard Hoems nye roman gjør det godt i innspurten av julesalget. Denne uken ligger boken på 3. plass på Bokhandlerforeningens bestselgerliste.
Les mer

Edvard Hoems felemaker til Tyskland

Edvard Hoems seneste roman Felemakaren er nå solgt til Tyskland. Det er forlaget Urachhaus som skal utgi den kriterrost boken.
Les mer

Edvard Hoem - Flere forfatterportretter

Her finner du flere forfatterportretter av Edvard Hoem
Les mer