Johannes Bergmann er skodespelar i midten av 30-åra. Han har gjort rask karriere i den norske teaterverda og er vand med å få ros for spelet sitt. Under innstuderinga av rollen som Jean i ei oppsetjing av August Strindbergs Frøken Julie på Det Norske Teatret, støyter han på nye og uventa problem. Den svenske regissøren skuldar han for å vera ein overflatisk bløffmakar, og krev at Johannes må ta i bruk meir av eigne kjensler og røynsler i tolkinga av Jean. Prøvetida på teatret blir knallhard. Samstundes tar Johannes opp at kontakten med ei kvinne han tidlegare har hatt eit flyktig forhold til ? Kristin, som er sjukepleiar, gift og mor til eit barn. For seint oppdagar Johannes at både kunsten og livet har sin pris, og at kan hende er det umogeleg å lykkast på båe felt.
Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut høsten 2020.
I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.
Det er en formidabel interesse for Edvard Hoems kommende roman, Felemakaren. Allerede nå er halvparten av førsteopplaget på 25.000 eksemplarer solgt til bokhandel.
Edvard Hoems Felemakaren i nytt opplag – nå 46 500
Etter kun fem dager i salg trykkes Edvard Hoems kritikerroste roman Felemakaren i et nytt opplag på 15 000 bøker. Samlet opplag er med dette på 46 500 bøker.
Edvard Hoems nye roman rett inn på 2. plass på bestselgerlista
Etter kun to dager i salg går Edvard Hoems Felemakaren rett inn på 2. plass på Bokhandlerforeningens bestselgerliste. Boken ligger på 4. plass på lista over mestselgende e-bøker.