I memoarromanen På vidvanke får lesaren eit innblikk i eit brennande engasjert og kompromisslaust skriveliv. Edvard Hoem skriv om dei første tre tiåra som diktar og dramatikar, politisk aktivist, ektemann og far. I hovudstaden, småbyar på austlandet og etter kvart i Bergen svingar pendelen mellom stor suksess og dundrande nederlag, sterk tru og ein minst like sterk tvil. Vegen heim til Fræna og slektsgarden var lang - helt til den ein dag ikkje lenger var det.
Frå det gamle huset på Hoem har forfattaren eit gjensyn med den unge, ikkje for å dømme, men for å forstå korleis tidene var, og korleis også den som er på vidvanke, kan finne djupare innsikt.
Edvard Hoem (f. 1949) har eit framståande og rikt forfattarskap. Han er ein prislønt roman- og biografiforfattar, dramatikar og salmediktar, poet og Shakespeare-gjendiktar. Hoem har motteke betydelege litterære prisar og blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris fire gonger. I 2019 vart Hoem tildelt Brages heiderspris, og i 2020 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden «for framifrå innsats for norsk litteratur og kulturarv». Frå 2009–2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. Hoems slektskrønike, som opnar med Slåttekar i himmelen (2014) og endar med Husjomfru (2023), er trykt i over 500 000 eksemplar og har blitt hylla av både kritikarar og lesarar. I 2025 utga Edvard Hoem romanen Ung mann vil ut, den fyrste i ein serie memoarromanar tett på forfattarens eige skrivande liv.
Det er en formidabel interesse for Edvard Hoems kommende roman, Felemakaren. Allerede nå er halvparten av førsteopplaget på 25.000 eksemplarer solgt til bokhandel.
Edvard Hoems Felemakaren i nytt opplag – nå 46 500
Etter kun fem dager i salg trykkes Edvard Hoems kritikerroste roman Felemakaren i et nytt opplag på 15 000 bøker. Samlet opplag er med dette på 46 500 bøker.
Edvard Hoems nye roman rett inn på 2. plass på bestselgerlista
Etter kun to dager i salg går Edvard Hoems Felemakaren rett inn på 2. plass på Bokhandlerforeningens bestselgerliste. Boken ligger på 4. plass på lista over mestselgende e-bøker.
Edvard Hoems Husjomfru rett inn på bestselgerlista
Edvard Hoems nye roman Husjomfru utkom forrige fredag til svært gode kritikker. Etter kun noen dager i salg går boken denne uken inn på 5. plass på Bokhandlerforeningens bestselgerliste for skjønnlitteratur.
Fire av seks nominerte til Lytternes romanpris 2023 fra Forlaget Oktober
I dag ble nominasjonene til Lytternes romanpris 2023 offentliggjort. Fire av de seks nominerte forfatterne har utgitt bøkene sine på Forlaget Oktober. Debutant Signe Holm er nominert for romanen Godset, Tore Renberg for Lungeflyteprøven, Maria Navarro Skaranger for Jeg plystrer i den mørke vinden og Hanne Ørstavik for bli hos meg.