Syng mig hjæm

Bjørnstjerne Bjørnson 1890-1899

Velg format

kr 449
På lager
ISBN
9788249508556

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2011
ISBN 9788249508556
Innbinding Innbundet
Tittel Syng mig hjæm
Bokgruppe 319
I salg 19.12.2011
Design Exil design
Emne Norge Forfattere Faglitteratur Biografier
Ved inngangen til 1890-talet måtte Bjørnson konstatere at dei store kampsakene han hadde slåst for sidan ungdommen framleis ikkje hadde vunne fram. Venstre var splitta i to parti, og Høgre hadde overtatt regjeringsmakta. Bjørnson måtte ut på vegane igjen. På heimefronten var det dramatiske tider, Karoline vart meir og meir døv, og sonen Bjørns skilsmisse frå Jenny Sandberg skapte alvorlegusemje mellom ektefellene. Eit lyspunkt var det at gudsonen Sigurd Ibsen tok kontakt og vart ein viktig politisk samtalepartnar for Bjørnson, og han gifte seg med Bjørnsons dotter Bergliot. Samtidig forelska Bjørnson seg i pianistinna Erika Nissen, som han hadde kjent i tretti år. No innleidde Erika og han einhekstiskkjærleikskorrespondanse som i denne boka blir referert og sitert for første gong. Bjørnson-barna gjekk til opprør og fekk slutt på affæren. Paradoksalt nok kom den avbrotne romansen forfattaren og avispolemikaren Bjørnson til gode. Tre års opphaldutanlands for å koma unna skandale og strid, opnaauga hans for dei store internasjonale stridsspørsmåla, fredsspørsmålet, spørsmålet om terrorismen som politisk strategi og rettsprosessen mot den franske offiseren Alfred Dreyfus. Frå utlandet skreiv han glitrandeanalysar i internasjonale aviser. Samtidig greip han kraftfullt ordet for Norges sak i den tilspissa unionsstriden med Sverige. Teaterstykka Over Ævne II (1895) og Paul Lange og Tora Parsberg (1898) førte igjen namnet hans ut på dei europeiske scenane. Året 1899 tona ut med opninga av Nationaltheatret, der Bjørnson satsaman med Henrik Ibsen på første losjerad. I ein siste stor artikkel til fordel for Dreyfus avdekte Bjørnson røtene til antisemittismen, som han karakteriserte som ei gift for Europas folk.
"I bind tre av Edvard Hoems store biografiprosjekt er det unektelig dikterens privatliv som vekker størst interesse og oppsikt … Storverk med mye nytt brevmateriale … Edvard Hoem har utført et enormt arbeid med sine tre biografibind, og tilført Bjørnsonforskningen ny viten og mye ukjent materiale"
ARNE DVERGSDAL, VG
"Bind tre av Edvard Hoems ruvende biografi over Bjørnstjerne Bjørnson er, som de to foregående, imponerende"
FARTEIN HORGAR, ADRESSEAVISEN
"Edvard Hoems biografi er solid, og virker meget troverdig. Arbeidet med biografien synes i stor grad å ha vært bygd på en grundig gjennomgang av svært omfattende brevsamlinger fra Bjørnson-familien"
KJELL LARS BERGE, NRK
"Alt tyder på at Edvard Hoems storslåtte biografi over Bjørnstjerne Bjørnson blir et standardverk. Med det tredje bindet, «Syng mig hjæm», som tar for seg tiårsperioden 1890 til 1899, befestes dette inntrykket ... Nok en gang er det Edvard Hoems evne til å tegne et stadig mer komplekst, ikke bare sympatisk, på ingen måte (!) portrett av dikteren og samfunnsdebattanten, som gjør inntrykk. Bjørnstjerne Bjørnson nærmer seg de seksti, men er mer vital, mer engasjert, mer reisende og mer forfengelig og mer skrivende enn noen gang. Og mer forelsket!"
TURID LARSEN, DAGSAVISEN
"en bok spekket med kunnskap, ikke bare om en sammensatt person, men også om en begivenhetsrik samtid og om de kjente kulturpersonlighetene som befolket den ... Hoem siterer mange brev, artikler og andre kilder, både direkte og gjennom parafrase. Vi får gjengitt personenes egne ord og tanker, og kommer på den måten nærmere dem enn gapet i tid skulle tilsi. Grepet er, som resten av boka, mesterlig gjennomført"
MARIANNE MOSENG BREIGUTU, KLASSEKAMPEN
"Edvard Hoem er i ferd med å fullføre det umoglege. Dei som har forsøkt før, har anten teke sin død av det eller gitt opp ... for eit familiedrama Hoem har fått oversikt over ... hos Hoem kjem stoffet overveldande tett og kjeldesterkt på lesaren. Rett frå brev frå aktørane og rykte frå folk rundt dei. Og for eit stoff - betre og meir dramatisk enn nokon familieroman i samtida. Eller såpeserie i dag ... det er ein imponerande og ganske vanvitig ambisjon å vilje skrive om «heile» Bjørnson ... Nå gjeld det berre å heie Edvard Hoem inn til fullføringa av dette ubegripelege arbeidet ... Edvard Hoem skriv ein sakprosa på setningsplan som få, om nokon andre, gjer han etter"
GEIR MORK, DAG OG TID
"heile 669 sider, fullt av liv og overberande overskott, ikkje utan bitande kommentarar til Bjørnstjerne Bjørnson både her og der ... Dette er ei gjæv bok"
JAN ASKELUND, STAVANGER AFTENBLAD
Edvard Hoem

Edvard Hoem

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fire bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016) og Liv andre har levd (2017), har eit opplag på over 500.000. Den kritikerroste Jormor på jorda. Huset under Blåhammaren er eit forspel til serien, og kom ut i 2018 til strålande kritikkar. 

I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

 

Litterære priser:

Brages hederspris 2019

Språkprisen 2013

Neshornet, Klassekampens kulturpris 2009

Ibsenprisen 2008

Petter Dass-prisen 2007

Melsomprisen 2006

Gyldendalprisen 1989

Melsomprisen 1988

Doblougprisen 1988

Nynorsk litteraturpris 1987

Aschehougprisen 1985

Kritikerprisen 1974

Les mer