Villskapens år

Bjørnstjerne Bjørnson 1832-1875
Annen tilknytning:

Velg format

kr 449
På lager
ISBN
9788249502882

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2009
ISBN 9788249502882
Innbinding Innbundet
Tittel Villskapens år
Bokgruppe 319
I salg 05.11.2009
Design Exil design
Emne Biografier Norge Faglitteratur Forfattere
I 1858 les femten år gamle Bjørnstjerne Bjørnson ein avisartikkel om den franske februarrevolusjonen, om opprøret mot Europas mektige som sprer seg frå land til land, og noko vakner til liv i han. Det er eit engasjement og ei tru på folkopplysing og framtid som han skulle bera med seg resten av livet. I Villskapens år følgjer vi Bjørnstjerne Bjørnson frå han er ein ukjend og ærgjerrig ung mann, til han er midt i livet. Han vert heilt avgjerande i arbeidet for å skapa eit moderne og demokratisk Noreg. Han gjer teateret til skodeplass for det verkelege livet. Han innvarslar den litterære realismen i Norden. Edvard Hoem teikner eit sterkt og tydeleg portrett av denne mannen som var dikter, politikar, teatersjef og redaktør - ustoppeleg og engasjert på nær sagt alle område i samfunnslivet. Samstundes skildrar han Bjørnstjerne Bjørnson som eit menneske blant menneska, som sine venners venn, som ektemannen til Karoline og som stolt familiefar. Og aldri før har det vorte skrive så levande om vennskapet og striden mellom Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, vi følger dei begge fra starten av karrierene deira, og til dei etter kvart går kvar sin veg. Villskapens år er det første av to bind i biografien om Bjørnstjerne Bjørnson. Andre og siste bind kjem i 2010, da det er 100 år sida Bjørnson døydde.
”Edvard Hoem har skrevet en flott fortelling om den unge Bjørnstjerne Bjørnson. I glassklar, majestetisk prosa – en Bjørnson verdig … sjelden har vel en biograf funnet et liv han har vært bedre egnet til å skildre. For dette er først og fremst Hoems bok, han klarer faktisk som den første av Bjørnsons mange biografer å disiplinere det til dels kaotiske livet han skal skildre slik at det lar seg gjenfortelle med både ytre og indre sammenheng … Edvard Hoem har gjort en enestående grundig research til denne biografien”
SINDRE HOVDENAKK, VG
”et forbløffende vitalt verk. Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnson 1832-1875 gir et mer komplekst, variert og mer omsorgsfullt tegnet portrett av Bjørnson enn noen biografi hittil har vært i nærheten av … Det er ingen overdrivelse å si at denne biografien sannsynligvis vil bidra til en fortjent nyvurdering av Bjørnsons betydning og posisjon. Ikke fordi Hoem bringer så mange overraskende nyheter, men noen (!), men fordi han utfyller, forklarer og analyserer et bilde som i den alminnelige norske bevissthet kanskje er litt nedstøvet og forenklet … Edvard Hoem har kontrollen og han har den lette, elegante pennen”
TURID LARSEN, DAGSAVISEN
”Storartet biografi om storartet mann. Innsiktsfullt om en av nasjonsbyggerne … Her viser virkelig biografen hvilket storartet menneske Bjørnson var … Samtidig behersker Hoem den kunst å balansere hans personlige livsdrama opp mot den offentlige personen han var, og dét er blant kriteriene en vellykket biografi bedømmes etter”
FARTEIN HORGAR, ADRESSEAVISEN
”Imponerende … Hoem øser av et stort kildemateriale … Han er ryddig og etterrettelig … Skriveteknisk er Hoem dyktig. Velformulert og stødig loser han oss fremover i traust tempo … Villskapens år er et leseverdig bidrag til Bjørnson-forskningen. Man kan ikke unngå å fascineres av forfatterens stormfulle liv, og Edvard Hoem viser god innsikt i både epoke og person”
HEIDI SÆVAREID, VÅRT LAND
Villskapens år … byr på mange eminente leseropplevelser … De mange familiebildene Hoem tengner med hjelp av privatbrev, er både rå og betagende. Vi møter svermeren, ektemannen, elskeren, sønnen, faren, vennen og fienden Bjørnstjerne Bjørnson. At han var en sjelden interessant personlighet, levner Hoem ingen tvil om … Da Rune Slagstad for ti år siden utga boka Nasjonale strateger, falt det mange tungt for brystet at Bjørnson ikke var blant dem. Nå har dikterhøvdingen, som i 1910 ble fulgt til graven som en konge, fått oppreisning så det monner… [Hoem] er i sitt ess når han skriver om Bjørnsons diktning og dens nasjonale virkningshistorie”
BODIL STENSETH, DAGBLADET
”Ein skjønnlitterær forfattar gjer Bjørnsons utrulege liv til ei levande og personleg forteljing ... han er tru mot stoffet, men gjennom heile teksten merkar lesaren den litterære kloa … I lange bolkar blir eg riven med av forteljinga om dette utrulege livet med alle sine sigrar og nederlag, sin stormande villskap. Eit uver må han ha vore, noko Hoem syner oss godt”
ALF KJETIL IGLAND, FÆDRELANDSVENNEN
”Det er ikkje spøk, det Edvard Hoem har gitt seg i kast med. Men han kan bli den første som klarer å skrive ein «heil» biografi om Bjørnstjerne Bjørnson … Tittelen er genial … ei lovande opning på det som kan bli eit sentralt arbeid i norsk biografilitteratur … For biografien viser at det ikkje er så mykje nytt stoff å finne, men det nye viser seg fram i korleis Hoem vektar og tolkar. I dette demonstrerer han solid kjeldeoversikt og godt grunngjeven dømmekraft … Det fremste særmerket som skil Hoem ut frå forgjengarane, er blikket på verdien av vennskap, og meir generelt relasjonar. Tydelegast kjem dette fram i skildringa av forholdet til Henrik Ibsen. Hoem teiknar dette sterkare enn forgjengarane sine og får langt meir ut av det … Og det mest interessante er etterverknaden Hoem skriv fram på forholdet mellom Karoline og Bjørnstjerne … Dette viser styrken eit langt skriftliv i kamp med romanen og dramaet har gitt biografen. Det er ein moden mann som skriv og vurderer … ein uvanleg smidig og klar norsk. Forfattaren Hoem er lykkeleg uskadd av dei språklege krykkjene hjelpevitskapar har påført ein del andre sakprosaforfattarar
GEIR MORK, DAG OG TID
”Hoems biografi om Bjørnstjerne Bjørnson er en kulturhistorisk begivenhet … Det er en drabelig oppgave Edvard Hoem har tatt på seg med denne stort anlagte Bjørnson-biografien”
FRODE HELMICH PEDERSEN, BERGENS TIDENDE
”Imponerende biografi av Edvard Hoem … Hoems prosjekt er også unikt ettersom det er den første biografien som skal ta for seg hele nasjonaldikterens liv under ett. Det er en stor jobb Edvard Hoem har tatt på seg. Det ligger tusenvis av arbeidstimer bak et slikt verk, og det er derfor svært gledelig å se at dette arbeidet nå blir verdsatt med rosende omtale … Romsdals Budstikke vil gratulere Edvard Hoem med første del av det omfattende prosjektet. Det er på sin plass at det blir skrevet en fullstendig biografi om Bjørnstjerne Bjørnson. Og første bind viser at nettopp Edvard Hoem er riktig mann for oppgaven. Vi gleder oss allerede til neste del”
LEDER, ROMSDALS BUDSTIKKE
”Hoems Bjørnson-biografi er ein fengande murstein … At Villskapens år er ein forfattars biografi, merkar ein også på den ledige, forteljeglade framstillingsforma. Boka er noko så sjeldant som ein lettlesen murstein”
ATLE KITTANG, MORGENBLADET
”Edvard Hoem tek Bjørnson på alvor … Hoem satser på ei forteljing som er ny i dét at ho er betre fortalt enn dei gamle. Og han lukkast. Med svært omfattande og dyktig bruk av primærkjelder og sekundærlitteratur, gjev han over heile linja sylskarpe bilete av Bjørnson i sitt miljø … Hoems verk er overveldande imponerande, ikkje berre ved den arbeidsinnsats som ligg bak, men ved den litterære dugleiken det er utført med. Lesaren frydar seg svært mange gonger”
KÅRE LUNDEN, KLASSEKAMPEN
”Hoem står nemlig fram som en sindig reisefører inn i dette veldige landskapet. Her er alle steiner snudd, sammenhenger gjennomtenkt og ordene veid på gullvekt. Den stødige stilen, uten voldsomme utslag av noen art, står i en meningsfylt motsetning til den overspente dikteren som beskrives”
TRULS GJEFSEN, GUDBRANDSDØLEN DAGNINGEN
”Hoem startar på ei forteljing som er ny i dét at ho er betre fortald enn dei gamle. Han lukkast. Det er sylskarpt – overveldande imponerande”
KLASSEKAMPENS BOKMAGASINS FAVORITTER 2009
"Ei kraftprøve av ein biografi, der den viktigaste innvendinga mot måten han er skriven på, også er grunngjevinga for at dette er ei viktig bok. I staden for å leggje største vekta på ideologiske og politiske tilhøve eller å fylgje ein vanleg tilbakeskodande forklåringsmåte på kva for ei rolle Bjørnson fekk, går Hoem noggrant til verks i å gjere greie for måten skriftene til den yngre Bjørnson står i tilhøve til omskiftelege omgjevnader. Detaljrikdomen er vel balansert av ei vurderande form som gjer det mogleg å sjå fleire tolkingar og sider av det som hender. Boka fornyar synet på Bjørnson og utviklinga han gjennomgjekk, og kan få sitt å seie for oppfatningar om kulturelle drivkrefter på 1800-talet."
DAG OG TID, NOMINERT TIL BESTE NYNORSKBOK 2009
Edvard Hoem

Edvard Hoem

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. I 2007 gav han ut den kritikerroste Faderen. Peder Bjørnson forsvarer seg. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band: Villskapens årBjørnstjerne Bjørnson 1832–1875 (2009), Vennskap i storm. Bjørnstjerne Bjørnson 1875–1889 (2010), Syng mig hjæm. Bjørnstjerne Bjørnson 1890–1899(2011) og Det evige forår. Bjørnstjerne Bjørnson 1899–1910 (2013). I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fire bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016) og Liv andre har levd (2017), har eit opplag på over 500.000. Den kritikerroste Jormor på jorda. Huset under Blåhammaren er eit forspel til serien, og kom ut i 2018 til strålande kritikkar.  I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

Litterære priser:

Brages hederspris 2019

Språkprisen 2013

Neshornet, Klassekampens kulturpris 2009

Ibsenprisen 2008

Petter Dass-prisen 2007

Melsomprisen 2006

Gyldendalprisen 1989

Melsomprisen 1988

Doblougprisen 1988

Nynorsk litteraturpris 1987

Aschehougprisen 1985

Kritikerprisen 1974

Les mer