Ute, langt der ute
dikt 1967-2021
"Fabelaktige dikt … for denne anmelderen står disse diktene som enda sterkere diktning enn romanene … Edvard Hoem er i seg selv en virkelig sanger. Disse diktene synger seg selv. De er helt fabelaktige … Av alle Shakespeare-gjendikterne til norsk setter jeg Edvard Hoem høyest. Og han viser de samme kvalitetene i sine egne dikt. La meg si det slik: Med dikt tunge av rim og rytme viser vår egen Shakespeare sitt lyriske format"
ESPEN GRØNLIE, DAGBLADET
"Klangfull ettertanke. Hoem har skrevet årets rikeste og mest formfullendte diktsamling. Ordkunstneren Hoem – som blant annet har stått for flere gjendiktninger av Shakespeare – behersker versefoten til det fulle. Diktene har rik klangbunn, noe som innbefatter både rim og rytme. De er malende fryd å lese. Intet mindre"
ANDERS NERAAL, BOK365
"Med diktsamlinga "Ute, langt der ute" tar Edvard Hoem oss med på noe som minner sterkt om en ferd gjennom livet hans - og til mange av oss andre også … her viser han hvilken enorm poet han både har vært og er … Poeten Edvard Hoem er like glitrende som prosaforfatteren. Hoem er en komplett forfatter, sier Dag Solstad. Jeg er enig med sistnevnte taler"
TOR HAMMERØ, NETTAVISEN
"Det finst inga frykt for store ord i dikta til Edvard Hoem, og inga frykt for store kjensler og tankar. Og takk Gud for det, hadde eg nær sagt, for når Hoem no samlar sine beste dikt, etter alle desse år, blir det tydeleg at han er ein diktar av stort format … Det er songen og musikken som gir tanken glans i Hoems livskloke dikt … Hoem er ein folkediktar, ein natur- og landskapsskildrar og ein glødande kjærleikspoet. … Det er kanskje i siste liten å tilrå denne boka som julegåve til alle du har kjær. Dikta i boka står seg uansett til neste år – og i år etter år etter år etter"
EIVIND MYKLEBUST, KLASSEKAMPEN
"Hoems dikting får oss til å ville bryte ut i allsong … Edvard Hoem er noko nær den komplette forfattar … i denne samanhengen må ein kunne seie det slik: Edvard Hoem er først og sist diktar, ein poet … Dei beste dikta hans formeleg ber om å bli lesne høgt … Ute, langt der ute er eit slåande konsentrat av eit langt og godt diktarliv. Her finst både det høgstemte og det jordnære, det alvorlege og det sprelske. Fleire av dikta vil bli ståande og kjem til å bety noko for folk også om nye femti år. Det nyskapande ligg ikkje det tekniske, men i den dikteriske krafta som strøymer frå ein som har fått å drikke av urkjelda. Dette er poesi som når langt ut"
ALF KJETIL WALGERMO, VÅRT LAND
"Med dikt tunge av rim og rytme viser vår egen Shakespeare sitt lyriske format"
ESPEN GRØNLIE, DAGBLADET, ÅRETS TRE BESTE BØKER 2021
I vika langt mot vest, langs haustmørk strand
kjem svanene igjen, eg ser det no.
Dei duvar lydlaust like attmed land
og speglar seg når sjøen stig mot flo.
Eg har sett pina skjera andletstrekk,
eg har sett folk ta avskil utan fred,
høyrt dører smelle, bilar køyre vekk,
men no kjem svanene og slår seg ned.
Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord,
ein slik klar haustdag, vinter var på veg,
eg sat og såg mot botnen av ein fjord
og høyrde vengesus som nærma seg.
Så vart det stille. Det gjekk mange år.
No høyrer eg på nytt at venger slår.
Dikta i "Ute, langt der ute" er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Sjølv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder.
kjem svanene igjen, eg ser det no.
Dei duvar lydlaust like attmed land
og speglar seg når sjøen stig mot flo.
Eg har sett pina skjera andletstrekk,
eg har sett folk ta avskil utan fred,
høyrt dører smelle, bilar køyre vekk,
men no kjem svanene og slår seg ned.
Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord,
ein slik klar haustdag, vinter var på veg,
eg sat og såg mot botnen av ein fjord
og høyrde vengesus som nærma seg.
Så vart det stille. Det gjekk mange år.
No høyrer eg på nytt at venger slår.
Dikta i "Ute, langt der ute" er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Sjølv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder.
Vis info om boka Skjul info om boka
Utgitt | 2021 |
---|---|
ISBN | 9788249524631 |
Innbinding | Innbundet |
Tittel | Ute, langt der ute |
Bokgruppe | 413 |
I salg | 02.11.2021 |
Emne | Lyrikk Skjønnlitteratur |