Hoem har rekonstruert dei siste åtte dagane av Jesu' liv, slik læresveinane og Mirjam (Maria Magdalena) delte dei med han. I stykket finst mange nyskrevne songar som Sigvald Tveitt har sett melodi til. Dramaet vert urframført som eit musikkspel i Kristiansand ved påsketider 1996.
Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut høsten 2020.
I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.
Det er en formidabel interesse for Edvard Hoems kommende roman, Felemakaren. Allerede nå er halvparten av førsteopplaget på 25.000 eksemplarer solgt til bokhandel.
Edvard Hoems Felemakaren i nytt opplag – nå 46 500
Etter kun fem dager i salg trykkes Edvard Hoems kritikerroste roman Felemakaren i et nytt opplag på 15 000 bøker. Samlet opplag er med dette på 46 500 bøker.
Edvard Hoems nye roman rett inn på 2. plass på bestselgerlista
Etter kun to dager i salg går Edvard Hoems Felemakaren rett inn på 2. plass på Bokhandlerforeningens bestselgerliste. Boken ligger på 4. plass på lista over mestselgende e-bøker.