Heimlandet. Barndom

roman

Velg format

kr 179
På lager
ISBN
9788249520602

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2019
ISBN 9788249520602
Innbinding Pocket
Tittel Heimlandet. Barndom
Bokgruppe 502
I salg 28.02.2019
Design Exil design
Emne Møre og Romsdal Romaner Bygder Skjønnlitteratur Etterkrigstiden Barndom
Heimlandet. Barndom er ei forteljing om den vesle guten Edvards oppvekst og bakgrunn i Hoem-grenda på Nordvestlandet i 50-åra: Edvard er eldsteson og odelsgut på ein gard der faren er emissær og reiser rundt med Guds bodskap store delar av året, medan mora strevar heime. Forventningane om at det er Edvard som med tida skal ta på seg ansvaret for familie og gard veks etter kvart til eit press som ligg tungt på han. Både for seg sjølv og andre må Edvard innrømme at det er noko anna han skal.
Med ein oppriktig kjærleik til både menneske og omgjevnader går forfattaren inn i ein tidsepoke og får fram bilete som kjem til å bli ståande i norsk litteratur.
Boka kan lesast som ein oppfølgar til Mors og fars historie.
«en varm og poetisk roman ... Edvard Hoem er en gudbenådet dikter»
SVERRE M. NYRØNNING, ADRESSEAVISEN
«Heimlandet. Barndom er sjølv eit kunstverk, ein gjennomkomponert roman ... Edvard Hoem har eit grep på stoffet som gir romanen perspektiv langt utover det private og individuelle»
ØYSTEIN ZIENER, DAG OG TID
"Strålende Hoem"
ODD SELJESÆTER, NORDLANDS FRAMTID
"ei rik og samansett bok"
HERMANN STARHEIMSÆTER, GULA TIDEND


Maleri på forsiden: Jarle Teigen Olsen Maikveld på Engø
Omslagsdesign: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | Exil design
«en varm og poetisk roman … Edvard Hoem er en gudbenådet dikter, med store billedskapende evner»
SVERRE M. NYRØNNING, ADRESSEAVISEN
«Forfatteren av Heimlandet. Barndom holder i mange tråder og fører leseren med et sikkert grep gjennom en fortelling som samler seg til noe mer enn historien om en barndom … Edvard Hoem holder posisjonen som helt sentral også i vårt litterære landskap»
BRITT ANDERSEN, ARBEIDERBLADET
«Heimlandet. Barndom er sjølv eit kunstverk, ein gjennom-komponert roman ... Edvard Hoem har eit grep på stoffet som gir romanen perspektiv langt utover det private og individuelle»
ØYSTEIN ZIENER, DAG OG TID
”Strålende Hoem”
ODD SELJESÆTER, NORDLANDS FRAMTID
”Sjølv om boka er liten og snerten har det vorte ei rik og samansett bok som ein seint vert ferdig med”
HERMANN STARHEIMSÆTER, GULA TIDEND
Edvard Hoem

Edvard Hoem

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fire bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016) og Liv andre har levd (2017), har eit opplag på over 500.000. Den kritikerroste Jormor på jorda. Huset under Blåhammaren er eit forspel til serien, og kom ut i 2018 til strålande kritikkar. 

I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

 

Litterære priser:

Brages hederspris 2019

Språkprisen 2013

Neshornet, Klassekampens kulturpris 2009

Ibsenprisen 2008

Petter Dass-prisen 2007

Melsomprisen 2006

Gyldendalprisen 1989

Melsomprisen 1988

Doblougprisen 1988

Nynorsk litteraturpris 1987

Aschehougprisen 1985

Kritikerprisen 1974

Les mer