Vinter, vinter, vinter, vår
Årets første snø fell over Buardalen då Olga ser mannen sin, Martin, gå frå huset, gå over tunet, i retning hovudvegen. Martin stansar, snur seg, ser tilbake, så forsvinn han og hunden i alt det kvite. Olga har sett mannen sin for siste gong.
Denne desemberkvelden skal kommunestyret ha julebord på Buarheim, restauranten som Olga og Martin driv i lag, under bergfall, like ved isbreen. Martin har nekta å servere politikarar som i lang tid har pressa på for å bygge hotell og gondol her.
Ordføraren og investorane vil gjerne gjøre Odda Great Again. Olga er pragmatisk og på gli. Martin er kompromisslaus og vil ikkje gi seg. Han kjem ikkje heim igjen etter den kveldsturen. Bare bikkja dukkar opp neste morgon, redd og skrøpelig.
Vinter, vinter, vinter, vår er ein roman om kjærleikssorg, om å reise seg igjen, om å ta opp kampen mot kreftene som vil øydelegge alt som gjør det verdt å leve.

Vis info om boka Skjul info om boka
| Utgitt | 2026 |
|---|---|
| ISBN | 9788249531882 |
| Innbinding | Innbundet |
| Tittel | Vinter, vinter, vinter, vår |
| Bokgruppe | 410 |
| Emne | Skjønnlitteratur |