Bla i boken

Gut, jente, juni, juli

Velg format

kr 249
På lager
ISBN
9788249523566

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2021
ISBN 9788249523566
Innbinding Ebok
Tittel Gut, jente, juni, juli
Bokgruppe 852
I salg 04.06.2021
Emne Svømming Kjærlighet Skjønnlitteratur Sommer Noveller
"Eg står heilt framme på stupebrettet, ser vassflata under meg, kan sjå botnen av bassenget. Trådar av lys vrir og vender på seg i vatnet. Eg kjenner meg svimmel og kortpusta. Kvar muskel er spent. Så kastar eg meg ut og forsvinn inn i denne eksplosjonen av lysande partiklar."

Stupe uti fjord og tjern. Hoppe frå kai og svaberg. Bombe uti naboens basseng. Falle baklengs inn i det blå. Vasse i Atlanterhavet. Svømme i Folkebadet. Bade i Bandak og Sitges og Las Palmas.

I desse tolv sommarnovellene kastar gutar og jenter, menn og kvinner, seg i vatnet for å kjøle seg ned, bare for å oppdage at hovudet framleis kokar avlyst og frykt.
"Frode Grytten skriv usminka tekstar om mennesket, vatnet og det skøyre livet … Tekstane er tidt flytande i seg sjølv. Som flo og fjøre står avsnitt nokre gonger mot kvarandre, og Grytten kan ha små born, ungdommar, gutar, jenter, kvinner og menn i sentrum av handlinga, han veit korleis dei tenkjer, og lesaren trur nesten kvart einaste ord … korte møte, som i novella ‘Feit mann på stranda’, vert sitjande fast i minnet, ein kom nær noko, det tragiske, det underlege, eller, som i andre tekstar: det skøyre livet"
ODD W. SURÉN, DAG OG TID
Frode Grytten

Frode Grytten

Frode Grytten (f. 1960) har skrive bøker i dei fleste sjangrar og har nådd eit stort publikum. Han har mellom anna vunne Brageprisen, Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris, og bøkene hans er omsette til 15 språk.

Flere forfatterportretter

 

Litterære priser:

2017 Bjørg Vik-prisen
2008 Melsom-prisen
2007 Sunmørsprisen
2007 Nynorsk litteraturpris
2006 Samlagsprisen
2005 Rivertonprisen
2003 Norsk språkpris
1999 Brageprisen

 

Utgitt på Oktober

2020 Garasjeland. Noveller
2019 Landet bortanfor landet. Område 51. Protestsongar
2017 Menn som ingen treng. Noveller
2015 Sånne som oss. Skodespel
2013 Brenn huset ned. Roman
2011 Saganatt. Roman
Les mer