Garasjeland
noveller
"Nesten ikke noe Odda, og nesten ingen poplåter. Samme gamle mesteren. Det ligger i sakens natur: Grytten i Grotten nå!"
OLA INNSET, KLASSEKAMPEN, ÅRETS BESTE BØKER 2020
"Fantastisk verkelegheitsflukt! Saknar du resten av verda? Bli med Frode Grytten på spennande reiser til Spania, merkelege stillehavsøyer, diverse stadar i Noreg – og ikkje minst til Garasjeland … akkurat som et måleri så formidlar novellene kjensler, stemningar, augeblikk og vakre scenar direkte og ærleg. Eg synest at du bør kjøpe Garasjeland og ta ho med deg overalt"
MAGNUS ROTEVATN, FRAMTIDA
"Det er ikkje noko tilgjort ved desse novellene, sjølv om dei altså handlar om folk som har lite sams med forfattaren. Han har sett seg inn i livet og tankane til andre, oftast mindre heldige enn han sjølv. Lesaren forstår at den faktiske lagnaden som ser ut til å definera desse personane, er omstende som har råka dei, og at liknande situasjonar og tilstandar ville ha forma dei fleste av oss på same vis. Slik er Garasjeland ei bok som er solidarisk med mennesket, på djupaste alvor og utan store fakter, lesarflørt eller ornamentikk"
ODD W. SURÉN, DAG OG TID
"Med sin tiende novellesamling, Garasjeland, viser Frode Grytten at han stadig hører med på stjernelaget. Novellene hans er som temperaturmålere på det norske samfunnet … Med årets sju noveller er Frode Grytten i sitt rette element … Denne blandingen av glede, sorg og smerte er det Frode Grytten på uforlignelig vis beærer oss med"
TURID LARSEN, DAGSAVISEN
"Frode Grytten spiller på kjente triks, men utfører sin tiende novellesamling på mesterlig vis … en novellesamling som tar oss med verden rundt for å undersøke hva som driver helt normale mennesker til å ta livsendrende valg … Garasjeland er en fryd å lese og å ha lest … Her finnes mange godbiter som egner seg for videre refleksjon. Den gode, trygge følelsen av Garasjeland vil i hvert fall ikke slippe taket før om lenge, og de vonde temaene vil ikke føles så uhåndterbare etter ferdig lesing"
MAREN HØGEVOLD BUSTERUD, UNDER DUSKEN
Ein sekstenåring flyttar inn hos faren i Garasjeland, og dei rekordvarme sommarvekene der skal merke han for livet. Den unge mannen i "Oslo" kjem tilbake til heimbyen for å få hemn. Det gifteklare paret i "Den siste øya" har investert i drømmereisa som ifølge operatøren vil gi dei isolation level: High, men er dei heilt åleine? I "Inntrengar" stirer eit norsk par forundra inn på mannen som med spansk lov på si side har flytta inn i feriehuset deira. Polakken i "YNWA" er langpendlar med jobb på vestlandsk fiskeslakteri og ei gryande erkjenning av at Norge er meir enn lykke og frisk luft. "Slutten på historia" skildrar vakkert møtet mellom to tidligare kjærastar ein sur kveld den spesielle våren 2020.
I si tiande novellesamling tar Frode Grytten oss med til Oslo, Bergen, Torrevieja, Sotra, Paris, Las Vegas og det maskuline Garasjeland. Forfattaren viser korleis folk som er drive av lengt og kjærleik og fanatisme, søker fellesskapet, men heile tida med einsemd og isolasjon som like sannsynlige utfall. Som alle drømmarar må dei ta konkrete val og nærme seg andre personar på eit vis som trugar med å rasere illusjonen om det perfekte.
I si tiande novellesamling tar Frode Grytten oss med til Oslo, Bergen, Torrevieja, Sotra, Paris, Las Vegas og det maskuline Garasjeland. Forfattaren viser korleis folk som er drive av lengt og kjærleik og fanatisme, søker fellesskapet, men heile tida med einsemd og isolasjon som like sannsynlige utfall. Som alle drømmarar må dei ta konkrete val og nærme seg andre personar på eit vis som trugar med å rasere illusjonen om det perfekte.
Vis info om boka Skjul info om boka
Utgitt | 2020 |
---|---|
ISBN | 9788249522620 |
Innbinding | Innbundet |
Tittel | Garasjeland |
Bokgruppe | 412 |
I salg | 11.09.2020 |
Design | Exil Design |
Emne | Skjønnlitteratur Noveller |