Bla i boken

Garasjeland

Velg format

kr 179
På lager
ISBN
9788242185594
"Dette var min første sommar i Garasjeland. Juli kom med ei hetebølge som varte i tre veker. Midt på dagen steig temperaturen til over førti grader. Far min hadde ikkje investert i kjøleanlegg, så om nettene sette vi oss i bilen og kjørte ut på dei opplyste motorvegane. Han ville sjå skogbrannane som herja langs kysten. Ei natt stansa vi på ein nedlagt bensinstasjon, steig ut og blei ståande. Oske fall frå himmelen, nesten som snø, bare at ein blei svart på tunga om ein fanga dei gjennomsiktige flaka".

Ein sekstenåringen flyttar inn i farens garasje i garasjeland, og dei rekordvarme sommarvekene der skal merke han for livet. Den unge mannen i «Oslo» kjem tilbake til heimbyen for å få hemn. Det gifteklare paret i «Den siste øya» har investert i drømmereisa som ifølge operatøren vil gi dei isolation level: High, men er dei heilt åleine? I «Inntrengar» stirer eit norsk par forundra inn på mannen som med spansk lov på si side har flytta inn i feriehuset deira. Polakken i «YNWA» er langpendlar med jobb på vestlandsk fiskeslakteri og ei gryande erkjenning av at Norge er meir enn lykke og frisk luft. «Slutten på historia» skildrar eit vakkert møtet mellom to tidligare kjærastar ein sur kveld den spesielle våren 2020.

I si tiande novellesamling tar Frode Grytten oss med til Oslo, Bergen, Torrevieja, Sotra, Paris, Las Vegas og det maskuline garasjeland. Forfattaren viser korleis folk som er drive av lengt og kjærleik og fanatisme, søker fellesskapet, men heile tida med einsemd og isolasjon som like sannsynlege utfall. Som alle drømmarar må dei ta konkrete val og nærme seg andre personar på eit vis som trugar med å rasere illusjonen om det perfekte.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2020
ISBN 9788242185594
Innbinding Lydbok (nedlastbar)
Tittel Garasjeland
Bokgruppe 882
I salg 11.09.2020
Emne Noveller Skjønnlitteratur
Lest av Anderz Eide
Frode Grytten

Frode Grytten

Frode Grytten (f. 1960) har skrive bøker i dei fleste sjangrar og har nådd eit stort publikum. Han har mellom anna vunne Brageprisen, Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris, og bøkene hans er omsette til 17 språk.

Flere forfatterportretter

 

Litterære priser

2023
Brageprisen
2017 Bjørg Vik-prisen
2008 Melsom-prisen
2007 Sunmørsprisen
2007 Nynorsk litteraturpris
2006 Samlagsprisen
2005 Rivertonprisen
2003 Norsk språkpris
1999 Brageprisen

 

Utgitt på Oktober

2023 Den dagen Nils Vik døde. Roman
2021 Gut, jente, juni, juli. Noveller
2020
GarasjelandNoveller
2019 Landet bortanfor landet. Område 51Protestsongar
2017 Menn som ingen trengNoveller
2015 Sånne som oss. Skodespel
2013 Brenn huset ned. Roman
2011 Saganatt. Roman
Les mer

Nyheter

Rift om Frode Gryttens nye roman i Danmark

Tre danske forlag var nylig med i budkamp om rettighetene til Frode Gryttens nye roman Den dagen Nils Vik døde. Til slutt gikk forlaget Turbine av med seieren. 
Les mer

Frode Grytten og Lars Ramslie nominert til Brageprisen 2023

Nominasjonene til Brageprisen 2023 ble i dag offentliggjort. To de fire bøkene i klassen for skjønnlitteratur er utgitt på Forlaget Oktober. Frode Grytten er nominert for romanen Den dagen Nils Vik døde og Lars Ramslie for romanen Fjellet, vannet, geværet.
Les mer

Frode Grytten og Tore Renberg nominert til Bokhandlerprisen 2023

I dag ble nominasjonene til Bokhandlerprisen 2023 offentliggjort. To av de ti nominerte bøkene er romaner utgitt på Forlaget Oktober: Frode Gryttens Den dagen Nils Vik døde og Tore Renbergs Lungeflyteprøven.
Les mer