Straumen går

dikt

Velg format

kr 229
ISBN
9788249509287

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2012
ISBN 9788249509287
Innbinding Pocket
Tittel Straumen går
Bokgruppe 413
I salg 25.07.2012
Design Exil Design
Emne Lyrikk Skjønnlitteratur
Med utgangspunkt i dei kalde vintrane 2009-2011 og Statnetts utviklingsplan 2010 har Tormod Haugland skriveeit langdikt om straumen som omgjev oss, som vi lever av og med. Eg'et reflekterer over korleis vatn og regn blir til elektrisitet som sidan vert ført over landet, og vi får prosaiske skildringar av kraftmarknaden i Norden. Samstundes blir eg'etgjennomstrøyma av krafta, den finst i orda han skriv, slik den òg finst i maskinene han skriv på, og også slik blir diktet ein hyllest til den livgjevandestraumen.
"Haugland skriv godt og fascinerande om skrivinga, livet og elektrisiteten ... Haugland [seier] noko vesentleg om skrivinga i lys av straumen, og om straumen i lys av skrivinga. Det elementære, nakne og sansande mennesket som kjenner på den lause snøen i handa, er alltid plassert i større, kompliserte samanhengar av arbeid og samfunn. Det er rett og slett bra gjort"
SINDRE EKRHEIM , BERGENS TIDENDE
"Kan det bli poesi av slikt? Det blir opp til Haugland å bevise det, og etter 43 sider i Straumen går lener ein seg tilbake i stolen og viser tommelen opp ... Diktet buktar seg både som kraftlinje og jordkabel fram over sidene, utan teiknsetjing, rytmisk, musikalsk, pulserande, ja, nesten messande med gjentakingar og innsirklingar av det skapande arbeidet i kvardagen, både det praktiske som å byggje på huset: gravinga, støypinga, snikringa eller det litterære som kastar lys over språket, som får det til å glinse ... ei hyllest til fantasien, draumen, skaparkrafta i ord og tanke, det som gjer oss til menneske og som lyser oss opp"
ODDMUND HAGEN, DAG OG TID
"utfordrer skillet mellom natur/kultur, viser hvor sammensausa disse er - jamfør hvordan kommersielle krefter er blitt som naturkrefter å regne ... Det er vanskelig å ikke være med på feiringa hos Haugland"
ERLEND RØYSET, KLASSEKAMPEN
"I disse diktene blir kraftpolitikken et eksistensielt anliggende ... Hauglands språk er konkret og talemålsnært, men ved hjelp av vokalrim, repetisjoner og linjeskift får det en egen musikalitet ... Når regn omdannes til strøm som omdannes til ord, er natur og teknologi ikke motsetninger. Det er heller ikke materie og ånd, som på dynamisk vis griper inn i hverandre. For å uttrykke dette bruker Haugland ord som «ordstraum», «ordkraft» og «naturstraum». Slik blir boka et oppgjør med en eldgamle religiøs og filosofisk tradisjon som vil ha oss til å skille ånden fra materien."
BJARNE MARKUSSEN, FÆDRELANDSVENNEN
Tormod Haugland

Tormod Haugland

Tormod Haugland (f. 1962) debuterte med romanen Under i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. I 2017 vart Haugland nominert til P2-lytternes romanpris for Om dyr og syn.

Last ned Ole Robert Sundes etterord om Hauglands forfatterskap i Orm, ugla og and. Prosa Obskura

 
Les mer