Bla i boken

Sirenene

roman

Velg format

kr 429
På lager
ISBN
9788249528783
"Frodig roman lagt til dei farlege hundedagane … Boka har i det heile tatt noko viltert og hemningslaust over seg, som får mykje litteratur i dag til å verka steril og humørlaus i samanlikning … Haugland nyttar stilen til å skrive om menn, kjensler og nærleik til dyr, og lykkast med å sette ord på noko tidlaust og allmennmenneskeleg som treff hjartet til ein blasert bokmeldar … Skjerp sansane, ver kjenslevar, og les boka"
GRO JØRSTAD NILSEN, BERGENS TIDENDE
"Når Haugland skriv om å vere ein kropp «alltid til stades i notida», eller om «å ha eit barn i meg som eg ikkje hadde gjeve merksemd», då kjenner eg at dette handlar om langt meir enn gards- og kjønsdrift, det handlar om å leve fullt ut … I formuleringar som dette ser eg ein stor forfattar: «Tenk å vera like skiftande som vinden, og på same tid so ute av stand til å gå sund.» … «Sirenene» er ein roman med stort tolkingsrom som vil aktivere fantasi og kjensler på ulike måtar for ulike lesarar. I det ligg også kvaliteten"
MERETE RØSVIK, KLASSEKAMPEN
Ein sundag i hundedagane står odelsguten Tormod Kolbrunargard i tunet og ser mot gamlehuset. Han ser etter livsteikn frå farfaren og farmora. Foreldra har reist nordover, og syskena, Andremake og Jote, er heller ikkje heime. I ei veke har han styrt garden åleine, og han kjenner på ansvaret for dyra og ei bortkomen kvige. Han dreg for å leita, og hamnar i ein del av skogen som brått verkar framand. Han er jaga av minna frå kvelden før, då han følgde Eleonora på nabogarden Storjord heim. Både uroa og lysta slit i han, og nye møte gjer nattas drama endå meir krevjande.

"Sirenene" er ein underhaldande og drivande roman, dels folkeeventyr og fantastisk forteljing, ein gåtefull roman om tid, tradisjon og lengt, og om relasjonen mellom dyr og menneske, levande og døde.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2024
ISBN 9788249528783
Innbinding Innbundet
Tittel Sirenene
Bokgruppe 410
I salg 08.08.2024
Emne Bygder Romaner Gårdsbruk Skjønnlitteratur