Bla i boken

Sirenene

roman

Velg format

kr 329
På lager
ISBN
9788249529063
"Coen-brørne kunne ikkje gjort dette betre. Tormod Haugland har skrive ein av sine beste romanar … Han har vore god heile vegen, men eg trur kanskje eg aldri har synest han har vore betre enn no … Her er det full fyr på peisen. Det er berre å skru av alle varsel på telefonen, skjenke seg ein eggnog, og gjere seg klar til å knegge seg gjennom jule høgtida"
KNUT HOEM, NRK
"Frodig roman lagt til dei farlege hundedagane … Boka har i det heile tatt noko viltert og hemningslaust over seg, som får mykje litteratur i dag til å verka steril og humørlaus i samanlikning … Haugland nyttar stilen til å skrive om menn, kjensler og nærleik til dyr, og lykkast med å sette ord på noko tidlaust og allmennmenneskeleg som treff hjartet til ein blasert bokmeldar … Skjerp sansane, ver kjenslevar, og les boka"
GRO JØRSTAD NILSEN, BERGENS TIDENDE
"Når Haugland skriv om å vere ein kropp «alltid til stades i notida», eller om «å ha eit barn i meg som eg ikkje hadde gjeve merksemd», då kjenner eg at dette handlar om langt meir enn gards- og kjønsdrift, det handlar om å leve fullt ut … I formuleringar som dette ser eg ein stor forfattar: «Tenk å vera like skiftande som vinden, og på same tid so ute av stand til å gå sund.» … «Sirenene» er ein roman med stort tolkingsrom som vil aktivere fantasi og kjensler på ulike måtar for ulike lesarar. I det ligg også kvaliteten"
MERETE RØSVIK, KLASSEKAMPEN
"Dette er en drivende godt skrevet, stilsikker og særs underholdende roman, full av visdom og skjemt, alvor og pek, om livet, naturen, kjærligheten, tiden og døden, balanserende mellom draumkved og virkelighet. Tormod Haugland fortjener nok atskillig større oppmerksomhet enn han selv setter pris på"
SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD
Ein sundag i hundedagane står odelsguten Tormod Kolbrunargard i tunet og ser mot gamlehuset. Han ser etter livsteikn frå farfaren og farmora. Foreldra har reist nordover, og syskena, Andremake og Jote, er heller ikkje heime. I ei veke har han styrt garden åleine, og han kjenner på ansvaret for dyra og ei bortkomen kvige. Han dreg for å leita, og hamnar i ein del av skogen som brått verkar framand. Han er jaga av minna frå kvelden før, då han følgde Eleonora på nabogarden Storjord heim. Både uroa og lysta slit i han, og nye møte gjer nattas drama endå meir krevjande.

Sirenene er ein underhaldande og drivande roman, dels folkeeventyr og fantastisk forteljing, ein gåtefull roman om tid, tradisjon og lengt, og om relasjonen mellom dyr og menneske, levande og døde.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2024
ISBN 9788249529063
Innbinding Ebok
Tittel Sirenene
Bokgruppe 852
I salg 09.08.2024
Emne Bygder Skjønnlitteratur Romaner Gårdsbruk
Tormod Haugland

Tormod Haugland

Tormod Haugland (f. 1962) debuterte med romanen Under i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. Han har hausta strålande kritikkar for romanane, Om dyr og syn (2017), Om søvn og mørke (2019) og Om livet på jorda (2021). I 2021 var Tormod Haugland årets festspeldiktar ved Dei Litterære Festspela i Bergen. I 2024 utkom romanen Sirenene.

 

Last ned Ole Robert Sundes etterord om Hauglands forfatterskap i Orm, ugla og and. Prosa Obskura

 

Utgitt på Oktober:

2024 Sirenene
2022 Hus om natta (Prosa)
2021 Om livet på jorda (Roman)
2019 Om søvn og mørke (Roman)
2017 Om dyr og syn (Roman)
2015 Mørk materie (Roman)
2012 Straumen går (Dikt)
2010 Romberg. Kvinner og kriminalitet (Roman)
2008 Orm, ugla og and (Essay)
2006 No Mar (Roman)
2005 I den sjette verda (Roman)
2004 Inkarnasjon (Roman)
2002 To stykke (Skuespill)
2000 Verd (Roman)
1999 Orden (Noveller)
1998 På øya (Dikt)
1997 Heller (Roman)
1995
Varmare (Roman)
1994
Under (Roman)
 
Les mer