Ljodane
roman
"«Ljodane» er i det hele tatt en svært rik og sammensatt roman, som på en og samme tid kan leses etisk og estetisk, sosialt og politisk, filosofisk og eksistensielt. Det er en annerledes dannelsesroman; dannelse gjennom arbeid, ikke utdanning. Det er en generasjonsroman, med vekt på kunnskapen og arbeidsformene, ikke eiendommene, som går i arv. Det er en kritikk av modernitet og sentralisering. Og det er en roman som oppstiller arbeidets etikk mot den kortsiktige gevinstlogikk."
SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD
"Så sært at det blir kult ... Dette er boka for deg som synest at verda gjekk åt skogen då skrivemaskinen vart elektrisk."
KNUT HOEM, NRK
"Tormod Hauglands originale oppvekstforteljing spelar seg ut mellom lyd og skrift, mellom gammal og ny tid ... Humoren hans veks bygderealistisk ut av landskapet … 'Ljodane' har òg noko fabelaktig over seg, som gir den eit filosofisk og lett allegorisk islett, men den berande kvaliteten er språket, som er solid som stein, men med rørsle og svev i seg."
Eivind Myklebust, Klassekampen
"«Med sterk integritet skriv Tormod Haugland fram lyden og synet av stort og smått, nært og fjernt … Som lesar og bokmeldar blir eg takksam for at det framleis kjem bøker som ‘Ljodane’.»"
Hilde Vesaas, Dag og Tid
Ljodane er ein roman om ein ung gut som ikkje vil gå på skulen. Då Tormon er tolv-tretten år, vitjar han dagleg farfar Mon og kollegaen Olman på det lokale likningskontoret. Då farfar Mon og Olman ikkje lenger får arbeida der på grunn av alderen, lagar dei eit nytt kontor i kjellaren på gamlehuset, der Tormon også vert sett i arbeid. Han trur han kan koma seg unna ungdomsskulen ved å arbeida på kontoret, men folk frå skuleverket merkar fråværet og kjem for å henta han.
Far til Tormon, Argon, arbeider på eit dyrkingsfelt i utgardane i Odineset, der ingen før har drive jordbruk. Utgardane er forbode område, både for born og vaksne. Går ein dit, kan ein ikkje rekna med å koma attende. Men ein dag får Tormon fylgja Olman ut i Odineset, der grøftene ligg som mørke graver.
Ljodane er ein drivande, gåtefull og hemningslaus roman og eit nytt høgdepunkt i Tormod Hauglands forfattarskap.
Far til Tormon, Argon, arbeider på eit dyrkingsfelt i utgardane i Odineset, der ingen før har drive jordbruk. Utgardane er forbode område, både for born og vaksne. Går ein dit, kan ein ikkje rekna med å koma attende. Men ein dag får Tormon fylgja Olman ut i Odineset, der grøftene ligg som mørke graver.
Ljodane er ein drivande, gåtefull og hemningslaus roman og eit nytt høgdepunkt i Tormod Hauglands forfattarskap.
Vis info om boka Skjul info om boka
| Utgitt | 2026 |
|---|---|
| ISBN | 9788249531110 |
| Innbinding | Innbundet |
| Tittel | Ljodane |
| Bokgruppe | 410 |
| I salg | 11.02.2026 |
| Emne | Skjønnlitteratur |