Hus om natta

Velg format

Tilbudspris kr 349 Før kr 399
Kommer for salg
05.10.2022
ISBN
9788249525607
"Huset var her frå før. Eg kjøpte det av farfar, og sidan møtte eg A, og då vi var ferdige med å studere, flytta vi etter ei stund inn i det. Eg ville skrive, og ho ville lage bilete, og vi bygde oss rom for skapande arbeid. Og vi budde i huset med bøkene og bileta. Vi prøvde å flytte inn i bøkene og bileta, slik vi hadde drøymt om. I fargane og bokstavane."

"Hus om natta" er ei bok med korte prosatekstar og teikningar som handlar om hus, om lys og mørke, om landskap og årstider, dyr og natur, om skyene sine skiftande former og strukturar og alt som veks: tre, buskar og blomster, om møbler, reiskapar, bilete og bøker, om søvnløyse og det å gå i søvne, om ting som kan gøymast, som kan verte borte og forsvinne, og om å leve og arbeide saman og kvar for seg i dei same romma.

"Hus om natta" er eit samarbeid mellom biletkunstnaren Annette Kierulf og forfattaren Tormod Haugland. Teikningane er frå serien "Nattstudier" (2017-), laga med fargeblyantar på svart papir. Tekstane har ulike format, frå dikt på få linjer til forteljingar på to-tre sider. Både bileta og tekstane har forteljingar i seg, dei er små forteljingar som ofte faldar seg ut og ber i seg lengre tidsrom.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2022
ISBN 9788249525607
Innbinding Innbundet
Tittel Hus om natta
Bokgruppe 410
Illustratør Annette Kierulf
Emne Skjønnlitteratur
Tormod Haugland

Tormod Haugland

Tormod Haugland (f. 1962) debuterte med romanen Under i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. I 2017 vart Haugland nominert til P2-lytternes romanpris for Om dyr og syn.

Last ned Ole Robert Sundes etterord om Hauglands forfatterskap i Orm, ugla og and. Prosa Obskura

 
Utgitt på oktober:
 
 
Les mer