Kjartan Hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Sidan har han gitt ut ei lang rekke kritikarroste samlingar. Kjøkkendikt frå 2012 blei innstilt til Brageprisen, mens Den kvite vegen (2016) blei innstilt til Ungdommens kritikerpris og er omsett til tysk. I 2017 utkom Dikt i samling, som inneheld alle Hatløys bøker t.o.m. Den kvite vegen. Same år utgav den tyske filmskaparen Frank Wierke ein dokumentarfilm om forfattaren Kjartan Hatløy, Der Sonnenfuchs. Diktsamlinga Menneskedagar utkom i 2018. Vere og døy – døy og vere er Kjartan Hatløys 14. samling.
Hatløy er rekna som ein av våre største naturlyrikarar. I 2015 blei han heidra med lyrikkprisen Diktartavla for sin markante forfattarskap. Den legendariske diktarstien i tunet på Hardanger folkemuseum blei med dette utvida med steintavle nr. 24. Diktartavla skal fremja positiv merksemd om norsk lyrikk og er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.
I 2021 ble Kjartan Hatløy tildelt Doblougprisen for hele sitt forfatterskap.