Kjøkkendikt

Velg format

kr 199
På lager
ISBN
9788249511044
"Kjartan Hatløy gir sjel til kjøkkenet og kjem i kontakt med det menneskeskapte ... Diktas detaljerte og ekte kjærleik til kjøkkenet, til sjølve verda, gjev ei effektiv motvekt til døden ... Sterke og intense vitnemål om kjærleiken til verda ... Det er blitt ei viktig og god bok, nødvendig og sjølvstendig, og innanfrå gjennomlevd"
TORE ELIAS HOEL, DAG OG TID
"Ein kan gjerne kalle det nære dikt, dei får verkeleg det livet ein lever med kjøkkenreiskapar på kjøkkenet til å gløde på ein heilt ny og annan måte ... Det er livet og døden, tida og no’et, det abstrakte og det konkrete, som møtest i dette «det som ser», i desse hendene som held ein oppvaskkost, som skjer brød, eller som dreg «ein gråglinsande pale opp frå eit rikt djup sør i fjorden» – og det skaper eit djuv, den meiningsfylda som tekstane reiser seg kring.
GUNNHILD ØYEHAUG, BERGENS TIDENDE
"det gjennombruddet som allerede avtegner seg på horisonten, synes i dette tilfellet høyst velfortjent. Fra første dikt viser Hatløy en manende og magisk beherskelse av dikterordet. Han dyrker her frem et egensindig ledemotivisk vokabular ... Alle de hverdagslige, men basale gjøremål som finner sted på kjøkkenet, registreres av et tilsynelatende passivt, men seismografisk finstilt sanseapparat ... Han klarer å sanse nært og samtidig gi fantasien flukt"
EIRIK LODÉN, STAVANGER AFTENBLAD
"en samling lyse, livsbekreftende dikt som løfter all slags prosaisk kjøkkenutstyr til uante høyder ... Det er lenge siden jeg har sett en like sterk vilje til besjeling i norsk poesi ... den nøytrale figuren løfter boken fra en subjektiv eller familiær setting til et bilde på menneskelig nærvær. I tillegg har den en komisk effekt. Kjøkkendiktene vokser til en slags kjøkkenfilosofi der Hatløy også henter næring fra store utenlandske visjonsdikt ... i Kjøkkendikt viser Hatløy hvordan livsgnisten kan springe ut av menneskenes omgang med de enkleste ting. Det er en nydelig bok som får leseren til å studere sitt eget bestikk med nye øyne"
INGUNN ØKLAND, AFTENPOSTEN
"eit internasjonalt epos om vår tid. Vi tel hjarteslaga til samtidspulsen ... Språket til lyrikaren frå Sørbøvåg er eit kapittel for seg. Det lekar seg av stad, likevel fortetta og snaugnege som smalaskoltar etter skrubbsvoltne vossingar"
JOHS B. THUE, SOGN AVIS
"Brageprisnominerte Kjartan Hatløy har skrive imponerande dikt som lågmælt sameinar det nære og kosmiske ... I dobbel forstand har Kjartan Hatløy i si niande og brageprisnominerte diktbok skrive lysande dikt. Lysande i tydinga framifrå, men òg fordi dikta fungerer som ein lysfølsam film som registrerer dei ørsmå augneblenkskiftingane i lyset og fargespelet. Ei gjennomgåande glede, ei aldri sviktande forundring over at det finst noko i det heile tatt, boblar i desse diktlinene"
SINDRE EKRHEIM, BERGENS TIDENDE
"Fra første dikt i årets samling viser Kjartan Hatløy en manende og magisk beherskelse av dikterordet: Han klarer å sanse nært og samtidig gi fantasien flukt"
EIRIK LODÉN, STAVANGER AFTENBLAD Anmeldernes favoritter 2012
"lysande kjøkkendikt. Dei trivielle kjøkkenredskapene og kjøkkenet, med alle sine basale gjeremål, flammar opp i desse dikta. Det hatløyske blikk kombinerer, på imponerande vis, dei aller næraste tinga med vide horisontar"
SINDRE EKRHEIM, BERGENS TIDENDE Årets beste bøker 2012
"Kjære kritikere, avisredaktører, lesere: La ikke sjansen gå fra dere til, for en gangs skyld, å løfte frem en dikter og et forfatterskap som ellers med letthet forsvinner i mengden ... årets vakreste diktsamling ... Med en grundighet som går både de Maistre og von Humboldt en høy gang, og som på toppen av det hele har adoptert Frank Stubb Micaelsens evne til å få øye på evigheten i det forgjengelige, har dikteren satt seg til kjøkkenbordet og nedtegnet det veldige kosmos som dette lille værelset for praktiske gjøremål er"
FARTEIN HORGAR, ADRESSEAVISEN
"en særegen poetisk stemme ... Kjøkkendikt er så langt et høydepunkt i Hatløys poetiske forfatterskap ved siden av Riket er vårt, damti damti fra 2005. Dikt som en kan nærme seg på flere måter."
TRULS HORVEI, HAUGESUNDS AVIS
"Kjartan Hatløy finn eit nytt språk for det som er aller mest kjent og vant, frukoststunda, kjøkkenbordet, morgonsola, det nysteikte brødet. Etter Hatløy er ikkje morgonstund lenger gull i munn, men den tida av døgnet då sola skjær over bordet, rett over det nysteike brødet som ligg der ... Når du no skal bli ein av dei kule ungdommane, ein av dei som har ei lyrikksamling under armen, då skal du begynne med Kjøkkendikt. Når du er ferdig med den, då skal du avansere til Fjord. Er det forstått?"
METTE KARLSVIK, MAGASINETT.NO
Som det mest kvardagslege av alle våre rom opnar kjøkkenet seg, med vegger og golv, bord og reiskapar, og med trea, havet og himmelen utanfor. Her utførast dei nærast ritualiserte rørslene som nettopp kjøkkenet innbyr til, dagleg, naudsynt, av eit upersonleggjort eg, eit "det". Eit heilt kosmos finst i kvar konkrete gjenstand, og kvar av dei kjende tinga vi nyttar meir eller mindre mekanisk - oppvaskkosten, kaffetraktaren, skjerefjøla - står fram som nye og underlege i desse fine, stemningsvare dikta. Kjartan Hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Sidan har han gitt ut dei kritikarroste samlingane Svarande pupill (1997), Svarte lyn (1999), Stasjon smale seng (2001), Steg frå klår himmel (2003), Riket er vårt, damtidamti (2005), I kråkekrins (2006) og Fjord (2011), samt prosaboka Nattsong og andre forteljingar (2002). Kjøkkendikt er Kjartan Hatløys niande diktsamling.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2012
ISBN 9788249511044
Innbinding Ebok
Tittel Kjøkkendikt
Bokgruppe 852
I salg 09.08.2012
Design Exil Design
Emne Lyrikk Skjønnlitteratur
Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Sidan har han gitt ut ei lang rekke kritikarroste samlingar. Kjøkkendikt frå 2012 blei innstilt til Brageprisen, mens Den kvite vegen (2016) blei innstilt til Ungdommens kritikerpris og er omsett til tysk. I 2017 utkom Dikt i samling, som inneheld alle Hatløys bøker t.o.m. Den kvite vegen. Same år utgav den tyske filmskaparen Frank Wierke ein dokumentarfilm om forfattaren Kjartan Hatløy, Der Sonnenfuchs. Diktsamlinga Menneskedagar utkom i 2018. Vere og døy – døy og vere er Kjartan Hatløys 14. samling.

Hatløy er rekna som ein av våre største naturlyrikarar. I 2015 blei han heidra med lyrikkprisen Diktartavla for sin markante forfattarskap. Den legendariske diktarstien i tunet på Hardanger folkemuseum blei med dette utvida med steintavle nr. 24. Diktartavla skal fremja positiv merksemd om norsk lyrikk og er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.

I 2021 ble Kjartan Hatløy tildelt Doblougprisen for hele sitt forfatterskap.

 

Litterære priser:

2021 Doblougprisen
2015 Diktartavla
2014 Kvernsteinprisen

 

Utgitt på Oktober:

2022 Vere og døy – døy og vere. Dødslære
2018 Menneskedagar
2016 Den kvite vegen
2014 Mi meinings hus
2012 Kjøkkendikt
2011 Fjord
2006 I kråkekrins
2005 Riket er vårt, damti damti
2003 Steg frå klar himmel
2002 Nattsong og andre forteljingar
2001 Stasjon smale seng
1997 Svarande pupill
1996 Solreven

 

Les mer

Nyheter

Kjartan Hatløy og Mona Høvring tildelt Doblougprisen 2021

Doblougprisen 2021 er tildelt Kjartan Hatløy og Mona Høvring. Tildelingen fant sted under Norsk Litteraturfestivals åpningsforestilling i går kveld.
Les mer