Menneskedagar
dikt
"Nokre trekk i diktinga til Hatløy vert klårare i årets diktbok, Menneskedagar, der det kosmiske nivået ikkje vert plassert langt attom og fjernt, der ute, men finst her, stendig nærverande, verkande i kvardagen. Den tenkjande diktaren er mykje meir framme her enn i tidlegare bøker. Slåande er det også at diktsekvensane, som ofte rører seg side om side med dauden og det menneske fryktar mest, er så gjennomsyra av det tilforlatelege og det venlege. Om dikta gapar over milliardar av år og fortettar seg i sekundet, er spranget likevel ikkje framstilt som eit vanskeleg byks: «på to sekund vart eg bie». Alt som er vesalt, får eit skjer av noko større i desse dikta ... Det bevegar seg heile tida, universet til Hatløy. Nesten kvart dikt er ei påminning om farten, korleis planetane er på veg og skrid gjennom kosmos, og korleis diktaren gler seg over at menneska er med på denne ukjende ferda ... Mobilen vert eit emblem hos Hatløy, den rommar altet i det vesle og evnar å ta imot signal frå mange verder. I tillegg har mobilen eit svart glas som i glimt reflekterer andletet og omgivnadane. Slik vert òg dikta som søkjer attende til det gamle Egypt ei refleksjonsflate for tida vår ... Les gjerne denne diktboka"
SINDRE EKRHEIM, HUMBABA.NO
"Hatløy skriver oppløftet og antidepressivt om å være del av et økologisk og kosmisk hele. 'Frå andromedastjerneøya har lyset vandra to millioner år. No sviv det stilt forbi nyhenda.' Så rolig og konsentrert kan Kjartan Hatløy sette ord på de grunnleggende og grensesprengende sammenhengene menneskelivet står i ... Kombinasjonen av kunnskap om astrofysikk og astronomi og et filosofisk og kjærlig gemytt er denne poetens særmerke ... En av styrkene til Hatløy er evnen til å formidle det perspektivet han vil ha frem. Han har en smittende innlevelse ... De svingende temaene forstyrrer ikke opplevelsen av at tekstene inngår i en større helhet, det sørger den kosmiske overbygningen for. Diktene viser hvordan vår forståelse av tid og rom kan utvides, eller kanskje heller brytes ned"
KATRINE HEIBERG, MORGENBLADET
Hos Kjartan Hatløy går det ei naturleg line mellom den svarte skjermen i handa til det neste uhøyrlege kneppet i ei supernova, mellom heite maur på tørt lauv til nekropolisen Saqqara i det gamle Egypt. I «Menneskedagar» tek Hatløy steget vidare frå vårt avgrensa tilvære i kosmos til ein dimensjon attom tid og rom. Og attom, det er her.
Vis info om boka Skjul info om boka
Utgitt | 2019 |
---|---|
ISBN | 9788249520145 |
Innbinding | Ebok |
Tittel | Menneskedagar |
Bokgruppe | 852 |
I salg | 19.06.2019 |
Design | Exil Design |
Emne | Lyrikk Skjønnlitteratur |