Sol, seier ho
roman
"Aanestad sløser aldri med ord. Det gjer ho heller ikkje i denne romanen. Men stilistisk tar ho eit langt steg framover i årets roman. Ho er sikker i språkføringa, det er langt meir tyngde i språket hennar nå enn i dei tre første romanane. Ho er nøyaktig i ordval, konsis i uttrykksmåte, og skapar fart i handlingsgangen. Den absolutt mest vellukka romanen til Aanestad så langt."
AUDUN SKRYTEN, JÆRBLADET
"Ingrid Z. Aanestad skriv for dei lettrørde og kresne. Bøkene til Ingrid Z. Aanestad kan ein godt kalle minimalistiske. Den litterære kvaliteten viser seg i at det gir lite meining å prøve å skilje form og innhald; estetikken er meining og meininga estetikk …boka er skriven med stor språkleg presisjon"
MERETE RØSVIK GRANLUND, DAG OG TID
"Ingrid Z. Aanestad har siden debuten i 2006 opparbeidet seg en trygg posisjon i det norske litterære landskapet … Aanestad skaper presise episoder i et filmatisk språk. Boka demonstrerer en utpreget sans for komposisjon og rytme, kapitlene avslutter åpent, ofte gåtefullt"
MARIA ALNÆS, KLASSEKAMPEN
"Anna er levende, hele boka gjennom. Og derfor er Ingrid Z. Aanestad en interessant forfatter, for hun skriver frem et helstøpte liv en blir nysgjerrig på. Uten at det blir tregt skriver Aanestad med enkle ord frem Annas hverdag ... Det Aanestad gjør så elegant, er å få frem kompleksiteten i det å være avhengig av andre. I alle Annas relasjoner er det noe som dirrer, personene er på samme tid nære og fjerne. Man blir usikker på hvem som trenger hvem, det veksler, og intensiteten holdes oppe. Og det er denne rolige intensiteten som, sammen med det vakre språket, gjør Aanestads fjerde roman til en høydare denne bokhøsten"
IDA VÅGSETHER, STAVANGER AFTENBLAD
«To dagar går. Eg søv nesten ikkje. Eg ligg med Vasco, høyrer han falla i søvn, står opp att. Det er noko gjennomskinleg med fargen på auga mine, med huda rundt auga. Eg sit ved vindauget, eg prøver ikkje å jobba. Når det lysnar, går eg og legg meg, søv kanskje ein halvtime, vaknar med kroppen pressa inn mot ryggtavla hans. Utskrifta av billetten ligg i vindaugskarmen, me snakkar ikkje om at han skal reisa. Påskeliljene på framsida av huset spring ut, Linnea lever uforklarleg lett ved sida av oss».
«Sol, seier ho» er romanen om Anna. Ho bur på ein liten gard, ikkje langt frå havet. Her prøver ho å finna feste. Ho vil fullføra masteroppgåva. Ho tek seg av Linnea, dotter til venninna Judit. Kjærasten bur i Portugal. Dei møtest når dei kan. Det blir lenge mellom kvar gong. Ein dag i mai set Anna seg på flyet til Lisboa utan at Vasco veit at ho kjem. «Sol, seier ho» er ein presis og lysande roman om tilhøyrsle, oppbrot og forsvinning.
«Sol, seier ho» er romanen om Anna. Ho bur på ein liten gard, ikkje langt frå havet. Her prøver ho å finna feste. Ho vil fullføra masteroppgåva. Ho tek seg av Linnea, dotter til venninna Judit. Kjærasten bur i Portugal. Dei møtest når dei kan. Det blir lenge mellom kvar gong. Ein dag i mai set Anna seg på flyet til Lisboa utan at Vasco veit at ho kjem. «Sol, seier ho» er ein presis og lysande roman om tilhøyrsle, oppbrot og forsvinning.
Vis info om boka Skjul info om boka
Utgitt | 2013 |
---|---|
ISBN | 9788249513277 |
Innbinding | Ebok |
Tittel | Sol, seier ho |
Bokgruppe | 852 |
I salg | 09.10.2013 |
Design | Exil Design |
Emne | Portugal Skjønnlitteratur Kjærlighet Norge Romaner |