Eit verkeleg liv

Velg format

Forventet i salg 12.08.2026
kr 429
ISBN
9788249531936
Liv har flytta til Oslo, ho jobbar som tilkallingsvikar i radiohuset på Marienlyst, studerer litt, bur i eit skittent, folksamt kollektiv. Ho er tidleg i tjueåra og full av håp for livet. Idun er eldre, høgreist, sjølvsikker, og den første kvinna Liv er kjærast med. Hos Idun er alt på plass, gjennomtenkt, nydeleg, det luktar lavendel og sitron på badet, ved og eld i kjøkkenet. Det er ein god stad å vera - heilt til det ikkje er det lenger.

Eit verkeleg liv er ein intens og sanseleg roman om å kasta seg ut i ein oppslukande forelsking og mista seg sjølv i svevet.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2026
ISBN 9788249531936
Innbinding Innbundet
Tittel Eit verkeleg liv
Bokgruppe 410
Emne Skjønnlitteratur
Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad (fødd 1983 i Klepp i Rogaland) er kjend som ein kresen og kompromisslaus forfattar. Ho debuterte som 22-åring med romanen I dag er ein fin dag, og allereie den gongen blei ho peikt på som eit udiskutabelt talent. Ho har sidan gitt ut ytterlegare fem romanar og to essaybøker. På få linjer skapar ho detaljrike scener med stor djupn, og herfrå undersøkjer ho måtar å vera i verda på. Bøkene hennar er utan like i den norske bokheimen.



Utgitt på Oktober:

2026 Eit verkeleg liv
2024 Ida i Italia
2022 Heim (essay)
2020 Ein dag vaknar me og det er sommar (Roman)
2018 Kva hender i romanen? (Faglitteratur)
2016 Sibylle (Roman)
2013 Sol, seier ho (Roman)
2010 Stormkyss (Roman)
2008 Eg kjem med toget (Roman)
2006 I dag er ein fin dag

Flere forfatterpotretter

Les mer
test test