Bla i boken

Heim

åtte lesingar

Velg format

kr 229
På lager
ISBN
9788249525300
"Aanestad ønsker å vaske sitt utsyn på verden, sine tilvante, og tidvis fastlåste, tankerekker om hva hjemmet hennes er i andres tekst og tanker … Koblingen mellom hjem, barndom, minne og skrift er en av linjene som dras i møte med flere av forfatterne Aanestad går i dialog med … Det er et sympatisk prosjekt Aanestad legger ut på, der hun utvider begrepet hjem til å favne utgangspunktet du sanser og formulerer deg fra, både kroppens, stedets og historiens. Som essayet tillater, sveiper hun mellom det konkrete og det abstrakte, det personlige og det allmenne … Aanestad understreker at hun ikke ønsker gjenkjennelse, men utvidelse i møte med litteraturen, selv om den også er et sted for trøst og identifikasjon. Det er mye trøst å søke hos Aanestad og det utvidede begrepet om hjem hun skaper sammen med sine forfattere: Alle disse måtene å orientere seg i verden på, er forskjellige måter å høre til. Om det er i relasjon til et annet menneske, i røtter fra barndommen, i naturens sykluser, i den fremmede byen "
HANNA MALENE LINDBERG, BLA
"Innhaldslista i Ingrid Z. Aanestads nye bok er som skreddarsydd for nysgjerrigheita mi ... Noko å kjenne seg heime i, noko friskt og framandt rundt neste sving. I eit kort etterskrift formulerer Aanestad kva ho vil med lesingane: Ho vil ikkje «berre leita etter gjenkjenning og tilknyting», heller ikkje halde seg til å finne «noko ukjent, langt frå eins eigen person». Midt mellom desse lesemåtane, eller snarare i spontan pendling mellom dei – gjerne i ein og same tekst – finn ho ein framgangsmåte, ein måte å nå nye innsikter på, både trøystefulle og nådelause … ho ryddar seg store, luftige rom rundt bøkene, gir dei verknad i eige liv"
EIVIND MYKLEBUST, KLASSEKAMPEN
" Ein neddempa skrivemåte og eit godt blikk for alt som kan vekse, gro og skurre i og mellom menneske, er gjennomgåande kvalitetar i forfattar, og skrivekunstlærar, Ingrid Z. Aanestads til no seks romanar og ei essaysamling. Det er òg tilfellet i forfattarens andre sakprosabok «Heim»"
MARGUNN VIKINGSTAD, MORGENBLADET
Kva betyr det å koma frå ein stad? Kva inneber det å kjenna seg heime? Og kva erfaringar finst å henta der ein ikkje kjenner seg igjen? Gjennom åtte lesingar nærmar Ingrid Z. Aanestad seg den litterære skrifta både som form og som verktøy for erkjenning. Dei ulike lesingane kastar lys over kvarandre - frå Arne Garborgs "Kolbotnbrev" via Nina Bouraoui, Stina Aronson, Eva Jensen, Mirja Unge, Cora Sandel og Virginia Woolf til Jun'ichiro Tanizakis "Hyllest til halvmørket". Aanestad går på jakt etter skrivne, skapte heimar samstundes som ho sjølv er på flyttefot og prøver å finna seg til rette i eit sekstitalshus ved skogkanten.

"Heim" er ei bok om romma og landskapa som formar livet, om klaustrofobi og fridom, venleik og kriser - og om å leva tett inntil litteraturen.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2022
ISBN 9788249525300
Innbinding Ebok
Tittel Heim
Bokgruppe 851
I salg 16.02.2022
Emne Faglitteratur Essay Identitet Litterær analyse
Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad er fødd i 1983 og vaks opp i Klepp i Rogaland. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gitt ut romanane Eg kjem med toget (2008), Stormkyss (2010), Sol, seier ho (2013), Sibylle (2016) og Ein dag vaknar me og det er sommar (2020) samt essayet Kva hender i romanen? (2018) i serien Lese, skrive (L/S#1) og essaysamlingen Heim (2022). 

Flere forfatterpotretter

Utgitt på Oktober

2022 Heim (essay)
2020 Ein dag vaknar me og det er sommar
2018 Kva hender i romanen? (Lese, skrive)
2016 Sibylle
2013 Sol, seier ho
2010 Stormkyss
2008 Eg kjem med toget
2006 I dag er ein fin dag
Les mer