Heim

åtte lesingar

Velg format

kr 379
Kommer for salg
16.02.2022
ISBN
9788249524921
Kva betyr det å koma frå ein stad? Kva inneber det å kjenna seg heime? Og kva erfaringar finst å henta der ein ikkje kjenner seg igjen? Gjennom åtte lesingar nærmar Ingrid Z. Aanestad seg den litterære skrifta både som form og som verktøy for erkjenning. Dei ulike lesingane kastar lys over kvarandre - frå Arne Garborgs "Kolbotnbrev" via Nina Bouraoui, Stina Aronson, Eva Jensen, Mirja Unge, Cora Sandel og Virginia Woolf til Jun'ichiro Tanizakis "Hyllest til halvmørket". Aanestad undersøker koplingane som kan oppstå mellom det lesne og det levde, når ho går på jakt etter skrivne, skapte heimar. Samstundes er ho sjølv på flyttefot og prøver å finna seg til rette i eit sekstitalshus ved skogkanten.

"Heim" er ei bok om romma og landskapa som formar livet, om klaustrofobi og fridom, venleik og kriser - og om å leva tett inntil litteraturen.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2022
ISBN 9788249524921
Innbinding Innbundet
Tittel Heim
Bokgruppe 312
Emne Faglitteratur
Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad er fødd i 1983 og vaks opp i Klepp i Rogaland. Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gitt ut romanane Eg kjem med toget (2008), Stormkyss (2010), Sol, seier ho (2013), Sibylle (2016) og Ein dag vaknar me og det er sommar (2020) samt essayet Kva hender i romanen? (2018) i serien Lese, skrive (L/S#1) og essaysamlignen Heim (2022). 

Flere forfatterpotretter

Utgitt på Oktober

2022 Heim (essay)
2020 Ein dag vaknar me og det er sommar
2018 Kva hender i romanen? (Lese, skrive)
2016 Sibylle
2013 Sol, seier ho
2010 Stormkyss
2008 Eg kjem med toget
2006 I dag er ein fin dag
Les mer