Eit verkeleg liv
roman
"Ei lita perle om eit menneske som strever med å komme ut av skalet … hektar meg på frå start … Det indre livet i NRK blir skildra så presist og med så mykje syrleg snert og underspelt humor at ein skulle tru at forfattaren hadde jobba her, noko ho også har … Aanestad slipar setningane ned til eit minimum, og let resten av biletskapinga gå føre seg i hovudet på lesaren … Eit verkeleg liv er ein sånn roman som lett forsvinn når meir ordrike kollegaer kjem dundrande inn i bokhausten. Han fortener betre! … Eg får i alle fall lyst til å lese meg attover i forfattarskapen til Ingrid Z. Aanestad."
KNUT HOEM, NRK
«Stjerna i Eit verkeleg liv er språket … Det reflekterer sinnsstemninga til Liv ekstremt presist … Ingrid Z. Aanestad imponerer igjen, og denne romanen bør ligga på fleire nattbord utover hausten.»
MAI LENE FLØYSVIK HÆÅK, STAVANGER AFTENBLAD
«Ingrid Z. Aanestad skriver overbevisende om velvilje og sårbarhet … et medfølgende ubehag trenger seg på … Aanestads setninger er avhugde, og gjenspeiler effektivt Livs engstelige kortpustethet. Samtidig er romanuniverset fyldig og følsomt … Eit verkelig liv viser hvor paradoksalt stille noe så drastisk som selvutslettelse kan være.»
EMILIE JOHNSON GODAL, KLASSEKAMPEN
"Eit verkeleg liv – ei bok om kjærleik, eller noko heilt anna forkledd som det? Nyttig åtvaring eller trøystande lesing: Ein bør lese denne boka i tilfelle ein hamnar der sjølv, og før det skjer med nokon ein er glad i. Ho skriv som ei kvinne som elskar. Dansar kring dei store, alvorlege, tunge og brå orda med lette steg. Ho elskar. Ho blir elska. Og det gjer vondt. Ingrid Z. Aanestad sin roman er ekte vare … Aanestad skriv fram svara, slik litteratur verkar på sitt beste … Aanestad viser oss kor lett det er å hamne ein plass ein ikkje burde vere, og kor vanskeleg det kan vere å kome seg vekk … Kjærleik gjer blind, og eg er blank i auga. Orda hennar seier òg noko viktig om kva som skjer når ein skal vidare. Om smerte som følgjer med, lenge."
ANNA MARIE HAUG, FRAMTIDA
Liv har flytta til Oslo, ho jobbar som tilkallingsvikar i radiohuset på Marienlyst, studerer litt, bur i eit skittent, folksamt kollektiv. Ho er tidleg i tjueåra og full av håp for livet. Idun er eldre, høgreist, sjølvsikker, og den første kvinna Liv er kjærast med. Hos Idun er alt på plass, gjennomtenkt, nydeleg, det luktar lavendel og sitron på badet, ved og eld i kjøkkenet. Det er ein god stad å vera - heilt til det ikkje er det lenger.
Eit verkeleg liv er ein intens og sanseleg roman om å kasta seg ut i ein oppslukande forelsking og mista seg sjølv i svevet.
Eit verkeleg liv er ein intens og sanseleg roman om å kasta seg ut i ein oppslukande forelsking og mista seg sjølv i svevet.
Vis info om boka Skjul info om boka
| Utgitt | 2026 |
|---|---|
| ISBN | 9788249532162 |
| Innbinding | Ebok |
| Tittel | Eit verkeleg liv |
| Bokgruppe | 852 |
| I salg | 13.08.2026 |
| Emne | Skjønnlitteratur |