Dikt i samling

Velg format

kr 299
På lager
ISBN
9788249518586
"Hatløy har en helt særegen evne til med få ord å få frambrakt et helt verdensbilde … en av de vesentligste poetene i Norge de siste tjue årene"
Espen Grønlie, Dagbladet
Kjartan Hatløy har dei siste åra stått stadig tydelegare fram som ein av våre viktigaste naturlyrikarar. I Hatløys dikting er det kosmiske dimensjonar over sjølv dei minste og mest kvardagslege ting: klukkinga i den vesle bekken, lyset frå kniven på kjøkkenbenken, det svarte glimtet i kråkas auge, kattens langsame steg over tunet. Kvar rørsle er ei stor hending, kvar minste eksistens eit mirakel, og mennesket får halda seg i bakgrunnen. For riket er vårt, men jorda er berre til låns.

Med denne boka ligg alle Kjartan Hatløys elleve diktsamlingar føre i eitt band.

«En stor ro og uforstyrrelighet hviler over Kjartan Hatløys tekster ... Hva skal vi kalle det? Visdomslitteratur? ... Sjelden har jeg sett veier, bekker og elveløp skildret slik.»
TOM EGIL HVERVEN, KLASSEKAMPEN, ÅRETS BESTE BØKER 2016, om Den kvite vegen

«Lågmælt og likevel høgtidsstemt er denne boka, full av livsglede og takksemd, ei varmande bok»
EMIL OTTO SYVERTSEN, FÆDRELANDSVENNEN, om Den kvite vegen [terningkast 6]

«ein utidssvarande buddhist som gjer skrifta si til audmjuk meditasjon over alt som finst og bærer tilværets grunnleggjande krefter i seg»
HADLE OFTEDAL ANDERSEN, KLASSEKAMPEN, om Mi meinings hus

«en samling lyse, livsbekreftende dikt som løfter all slags prosaisk kjøkkenutstyr til uante høyder»
INGUNN ØKLAND, AFTENPOSTEN, om Kjøkkendikt

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2017
ISBN 9788249518586
Innbinding Pocket
Tittel Dikt i samling
Bokgruppe 413
I salg 24.07.2017
Design Exil Design
Emne Lyrikk Skjønnlitteratur
Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Sidan har han gitt ut ei lang rekke kritikarroste samlingar. Kjøkkendikt frå 2012 blei innstilt til Brageprisen, mens Den kvite vegen (2016) blei innstilt til Ungdommens kritikerpris og er omsett til tysk. I 2017 utkom Dikt i samling, som inneheld alle Hatløys bøker t.o.m. Den kvite vegen. Same år utgav den tyske filmskaparen Frank Wierke ein dokumentarfilm om forfattaren Kjartan Hatløy, Der Sonnenfuchs. Diktsamlinga Menneskedagar utkom i 2018. Vere og døy – døy og vere er Kjartan Hatløys 14. samling.

Hatløy er rekna som ein av våre største naturlyrikarar. I 2015 blei han heidra med lyrikkprisen Diktartavla for sin markante forfattarskap. Den legendariske diktarstien i tunet på Hardanger folkemuseum blei med dette utvida med steintavle nr. 24. Diktartavla skal fremja positiv merksemd om norsk lyrikk og er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.

I 2021 ble Kjartan Hatløy tildelt Doblougprisen for hele sitt forfatterskap.

 

Litterære priser:

2021 Doblougprisen
2015 Diktartavla
2014 Kvernsteinprisen

 

Utgitt på Oktober:

2022 Vere og døy – døy og vere. Dødslære
2018 Menneskedagar
2016 Den kvite vegen
2014 Mi meinings hus
2012 Kjøkkendikt
2011 Fjord
2006 I kråkekrins
2005 Riket er vårt, damti damti
2003 Steg frå klar himmel
2002 Nattsong og andre forteljingar
2001 Stasjon smale seng
1997 Svarande pupill
1996 Solreven

 

Les mer

Nyheter

Kjartan Hatløy og Mona Høvring tildelt Doblougprisen 2021

Doblougprisen 2021 er tildelt Kjartan Hatløy og Mona Høvring. Tildelingen fant sted under Norsk Litteraturfestivals åpningsforestilling i går kveld.
Les mer