Menneskedagar

dikt

Velg format

kr 279
ISBN
9788249519835
"Nokre trekk i diktinga til Hatløy vert klårare i årets diktbok, Menneskedagar, der det kosmiske nivået ikkje vert plassert langt attom og fjernt, der ute, men finst her, stendig nærverande, verkande i kvardagen. Den tenkjande diktaren er mykje meir framme her enn i tidlegare bøker. Slåande er det også at diktsekvensane, som ofte rører seg side om side med dauden og det menneske fryktar mest, er så gjennomsyra av det tilforlatelege og det venlege. Om dikta gapar over milliardar av år og fortettar seg i sekundet, er spranget likevel ikkje framstilt som eit vanskeleg byks: «på to sekund vart eg bie». Alt som er vesalt, får eit skjer av noko større i desse dikta ... Det bevegar seg heile tida, universet til Hatløy. Nesten kvart dikt er ei påminning om farten, korleis planetane er på veg og skrid gjennom kosmos, og korleis diktaren gler seg over at menneska er med på denne ukjende ferda ... Mobilen vert eit emblem hos Hatløy, den rommar altet i det vesle og evnar å ta imot signal frå mange verder. I tillegg har mobilen eit svart glas som i glimt reflekterer andletet og omgivnadane. Slik vert òg dikta som søkjer attende til det gamle Egypt ei refleksjonsflate for tida vår ... Les gjerne denne diktboka"
SINDRE EKRHEIM, HUMBABA.NO
"Hatløy skriver oppløftet og antidepressivt om å være del av et økologisk og kosmisk hele. 'Frå andromedastjerneøya har lyset vandra to millioner år. No sviv det stilt forbi nyhenda.' Så rolig og konsentrert kan Kjartan Hatløy sette ord på de grunnleggende og grensesprengende sammenhengene menneskelivet står i ... Kombinasjonen av kunnskap om astrofysikk og astronomi og et filosofisk og kjærlig gemytt er denne poetens særmerke ... En av styrkene til Hatløy er evnen til å formidle det perspektivet han vil ha frem. Han har en smittende innlevelse ... De svingende temaene forstyrrer ikke opplevelsen av at tekstene inngår i en større helhet, det sørger den kosmiske overbygningen for. Diktene viser hvordan vår forståelse av tid og rom kan utvides, eller kanskje heller brytes ned"
KATRINE HEIBERG, MORGENBLADET
"Mobilen, skjermen er ein spegel
eit auge som stirer frå ei svartblank flod
eg legg den vekk
men den svarte flata kviler aldri

den lastar inn i seg dagen, fuglesjelene
nyheitene,
måten blikket mitt glid over saker og ting på
alle bilar
all togn horisonten hadde
ligg og prøver
laste inn i seg Kolsekken i den sørlege himmelkvelven
i all stillheit
klarar det

den ligg og sleng
medan noko hos ekspansjonen av universet
sender og sender berre til denne"

Hos Kjartan Hatløy går det ei naturleg line mellom den svarte skjermen i handa til det neste uhøyrlege kneppet i ei supernova, mellom heite maur på tørt lauv til nekropolisen Saqqara i det gamle Egypt. I "Menneskedagar" tek Hatløy steget vidare frå vårt avgrensa tilvære i kosmos til ein dimensjon attom tid og rom. Og attom, det er her.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2018
ISBN 9788249519835
Innbinding Pocket
Tittel Menneskedagar
Bokgruppe 413
I salg 31.08.2018
Design Exil Design
Emne Lyrikk Skjønnlitteratur
Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Sidan har han gitt ut ei lang rekke kritikarroste samlingar. Kjøkkendikt frå 2012 blei innstilt til Brageprisen, mens Den kvite vegen (2016) blei innstilt til Ungdommens kritikerpris og er omsett til tysk. I 2017 utkom Dikt i samling, som inneheld alle Hatløys bøker t.o.m. Den kvite vegen. Same år utgav den tyske filmskaparen Frank Wierke ein dokumentarfilm om forfattaren Kjartan Hatløy, Der Sonnenfuchs. Diktsamlinga Menneskedagar utkom i 2018. Vere og døy – døy og vere er Kjartan Hatløys 14. samling.

Hatløy er rekna som ein av våre største naturlyrikarar. I 2015 blei han heidra med lyrikkprisen Diktartavla for sin markante forfattarskap. Den legendariske diktarstien i tunet på Hardanger folkemuseum blei med dette utvida med steintavle nr. 24. Diktartavla skal fremja positiv merksemd om norsk lyrikk og er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.

I 2021 ble Kjartan Hatløy tildelt Doblougprisen for hele sitt forfatterskap.

 

Litterære priser:

2021 Doblougprisen
2015 Diktartavla
2014 Kvernsteinprisen

 

Utgitt på Oktober:

2022 Vere og døy – døy og vere. Dødslære
2018 Menneskedagar
2016 Den kvite vegen
2014 Mi meinings hus
2012 Kjøkkendikt
2011 Fjord
2006 I kråkekrins
2005 Riket er vårt, damti damti
2003 Steg frå klar himmel
2002 Nattsong og andre forteljingar
2001 Stasjon smale seng
1997 Svarande pupill
1996 Solreven

 

Les mer

Nyheter

Kjartan Hatløy og Mona Høvring tildelt Doblougprisen 2021

Doblougprisen 2021 er tildelt Kjartan Hatløy og Mona Høvring. Tildelingen fant sted under Norsk Litteraturfestivals åpningsforestilling i går kveld.
Les mer