Vassarv

roman

Velg format

kr 329
På lager
ISBN
9788249527199
"Inger Bråtveits nye roman peiker seg ut som ein av forfattarens beste … Det som på nytt og på nytt begeistrar meg i møte med Inger Bråtveit, er nettopp denne særeigne og uredde måten ho skriv fram ein biletrik litteratur på, og korleis det vidfemnande tradisjonsmetvitet hennar resulterer i noko viltveksande klassisk midt i den norske samtidslitteraturen."
MARGUNN VIKINGSTAD, MORGENBLADET
"en roman som utforsker hva det vil si å leve. Ikke bare som et menneske, men som alt liv på denne planeten. For floraen, naturen, bier og blomster - det spiller med i fortellerens undrende refleksjoner … Forholdet mellom mor og barn, og kjernen i det vanskelige moderskapet, er så flott beskrevet i denne romanen. Det gnistrer av kjærlighet … Dette er poetisk prosa på sitt vakreste, rett og slett en nydelig roman!"
JAN-ERIK ØSTLIE, FRI FAGBEVEGELSE
"Inger Bråtveit i toppform. Ein kan ikkje vekse opp på ein gard på Vestlandet utan at det formar ein. Det viser Bråtveit på meisterleg vis i «Vassarv» … Nydelege og stillferdige skildringar gjer denne romanen stemningsfull … Ikkje minst viser Bråtveit på ein treffsikker måte at kor ein kjem frå og kvar ein veks opp, pregar oss langt inn i vaksenlivet … Eg trur likevel aldri eg har lese ei bok tidlegare som på ei og same tid har klart å røre ved nokre av dei mest betente politiske temaa dei siste åra, men som likevel verkar så lite politisk. For det er jo berre ei historie om folk og natur, om sentrum og periferi, om liv og død"
MAI LENE FLØYSVIK HÆÅK, STAVANGER AFTENBLAD
"Hos Inger Bråtveit smeltar dei store spørsmåla og dei minste tinga saman i éin straum … Fragmenta av ei forteljing om ein familie i fleire generasjonar blir blanda med essayistiske betraktningar om store spørsmål … Til sist er kvart individ einsamt i si erfaringsverd. Det er både ei trøyst og ei sorg. Bråtveit flettar òg inn eventyr og mytiske skapnader. Den vesle dottera er som barn flest tidvis inne i ei fantasiverd med fabelvesen. Saman med allusjonane som dryp inn frå kjende tekstar, som Bibelen, tilfører det teksten djupne og meining"
HILDE VESAAS, DAG OG TID
«Det er varmt, og svalene fyk over Schweigaards gate og Oslo fengsel, over steinskulpturar, sprøytespissar, fengselsmur, asfalt og sement, over piknikteppe med kiwi og melon, over løvetann, geitrams og stemorsblom. Svalene fyk over grøfta der gravemaskina grev Hovinbekken opp. Svalene fyk over tenåringen på elsparkesykkel i rushtrafikken, rullatorbrukaren, skaterane med brettet under armen, den gamle punkaren, fotballtrenaren, kassadama, læraren, åleinemora med tvillingvogn, frilansaren, sjukepleiaren, ungdomane med dunjakke i tett klyngje under skuret der 37-bussen kjem.

På Harald Hardrådes plass rundar 37-bussen rundkøyringa og køyrer vidare nedover gata. Langs jernbanelinja kjem godstoget lasta med tømmer. Over Gamlebyen skole, Bispegården og klosterruinane fyk svalene. Svalene fyk nedover Dronning Eufemias gate. Svalene fyk over brua mot Sukkerbiten, Operaen og Munchmuseet og skiltet som seier at ingen må mata fuglane. I Gamlebyen, inni bakgarden, syng jentene høgt, og inni klatrestativet, i den vesle hytta, sit dotter mi.»

Ei mor reiser med dottera frå Oslo heim til staden ho kjem ifrå, ei bygd på Vestlandet. Det vert ei reise inn og ut av ulike tider, tilbake til heimstaden og oppveksten på eit lite gardsbruk.

"Vassarv" er ein rik roman, om minne, slektskap, tap og tilhøyrsle. Det er ei gripande og medrivande forteljing, full av subtile og kraftfulle rørsler mellom det kvardagslege og det storslegne, som aldri mistar av syne korleis livet brutalt går sin gang.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2023
ISBN 9788249527199
Innbinding Ebok
Tittel Vassarv
Bokgruppe 852
I salg 09.08.2023
Emne Oppvekst Oslo Familie Romaner Skjønnlitteratur Vestlandet
Inger Bråtveit

Inger Bråtveit

Inger Bråtveit (f. 1978) debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For romanen Siss og Unn vart ho i 2008 nominert til Kritikerprisen. Bråtveit har motteke fleire litterære prisar, mellom anna Nynorsk litteraturpris og Bjørnsonstipendet. I 2015 vart ho nominert til Ungdommens kritikerpris for romanen Alice A4. Vassarv er hennar femte roman.

Flere forfatterportretter

Litterære priser:

Bjørnsonstipendet 2009

Nynorsk litteraturpris 2003

Bergensprisen 2003

Les mer

Nyheter

Inger Bråtveit - Flere forfatterportretter

Her finner du flere forfatterportretter av Inger Bråtveit
Les mer