Bla i boken

Triks

dikt

Velg format

kr 279
På lager
ISBN
9788249530670
"Anna Kleiva skriver om skjønnhets­industri uten å latterliggjøre, og om natur­ødeleggelse uten å bli moralistisk ... Mest imponerende av alt er hvordan Kleiva samler en hel verden i disse tekstene, en verden som bare lengter etter å være ren og vakker, men som driver seg selv til vanvidd og destruksjon"
Fredrik Hagen, Klassekampen
"Dagens påverkarar og bibelske profetar flyt saman i tankevekkjande konstellasjonar ... Sjølv om skriftrøysta kan verke distré, er tankespranga alltid interessante ... Elementa eld og vatn går att i dikt etter dikt, nokre av dei lyriske, fulle av sprudlande ordspel, andre forma som prosadikt, til dels aforismeprega. Når me får følgje vatnet i både liten og stor skala, vert det tydeleg at helsetilstanden for planeten og for menneska er to sider av same sak. Vatnet gjev liv til både kropp og klode ... Når ein les Anna Kleivas vitale sørgjedikt, skjønar ein at det neppe er naudsynt å drikke opp heile sjøen for å innsjå at me har jorda kjær"
Sissel Furuseth, Dag og Tid
"I Anna Kleivas fjerde diktsamling finnes urovekkende bilder med en samtidig sitrende tiltrekningskraft ... Kleiva lykkes med noe skikkelig vanskelig: Å skape kroppslige fornemmelser for forbindelsen mellom økonomi og økologi. Årsakskjedene i den globale oppvarmingen er så abstrakte at det kan fremstå umulig å begripe hvordan hver og én av oss er innvevde i klima- og naturkrisen. Kleiva trekker imidlertid leseren inn i de fysiske sammenhengene vi inngår i, ved å sammenstille kroppen og jorden ... I «Triks» vibrerer den gjenkjennelige og menneskelige lengselen etter mer og atter mer, side om side med avskyelige påminnelser om hvilken destruksjon vi utsetter planeten, og i ytterste konsekvens våre egne kropper for"
Anna Serafima Svendsen Kvam, Morgenbladet
Medan du køyrer gjennom verda, ser du reklameskilt for tørken. Ekstrem tørke! reklamerer skiltet. Snart er vassmagasina tomme. Hugs å spare på vatnet. Hugs å vise deg fram for følgarane dine som om du er deira BFF. Eg veit du tenkjer på dette kvar kveld. Medan du drikk ein ny vin som liknar solnedgangen. Du drikk ikkje vatn, du sparar. Viss du snakkar slik som eg, kjem følgarane dine til å engasjere seg meir. Du ser bra ut i sandfargar, du liknar ørkenen.

Fanga i ein straum av svar på spørsmål vi aldri har stilt og behov vi ikkje har: Korleis skal ein sjå på verda? I Triks blir det kapitalistiske språket vrengt. Stemmer vi kjenner frå reklamar og sosiale media, blir omskapte og løyser seg opp. Dikta i Triks sprett mellom det seriøse og det tåpelege, det påtrengande og det grublande, fakta og dikting. Det er ei bok som ristar i ideane våre om skjønnheit, helse og teknologisk utvikling og i draumen om ein eineståande skapning som frelser eller herskar.

Triks er eit satirisk poesiverk, ein svart komedie og ein samtids-scifi om klimaendringar, den erotiske krafta i pengar og den poetiske undergangen.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2025
ISBN 9788249530670
Innbinding Ebok
Tittel Triks
Bokgruppe 852
I salg 22.08.2025
Emne Skjønnlitteratur
Anna Kleiva

Anna Kleiva

Anna Kleiva (f. 1985) er ein av dei mest sentrale forfattarane i sin generasjon. Ho har gitt ut fire kritikarroste diktsamlingar og det nyskapande prosaverket Echo Mountain. Forteljingar frå L.A. (2018). Saman med Vilde Tuv laga ho det musikalsk-poetiske verket Solplomme (2024). Kleiva redigerte også antologien Tunga mi protesterer mot døden. Palestinske dikt (2024) saman med Bendik Vada. Ho har omsett bøker av Ariana Reines, Asta Olivia Nordenhof og Eve Babitz.

Flere forfatterportretter

Litterære priser:

2015 Bjørnsonstipendet
2015 Diktardagarprisen
2015 Melsomprisen
2014 Osloprisen

 

Utgitt på Oktober:

2025 Triks (Dikt)
2024 Solplomme (Dikt)
2018 Echo Mountain. Forteljingar frå L.A. (Essay)
2016 Drikkeviser frå Paris (Dikt)
2014 Vårar seinare (Dikt)
2011 Ti liknande versjonar (Dikt)
Les mer

Nyheter

Anna Kleiva - Flere forfatterportretter

Her finner du flere forfatterportretter av Anna Kleiva
Les mer

10.10.25 | Poesikveld med Anna og Martin @Rosa bøker

Anna Kleiva og Martin Ingebrigtsen inviterer til poesikveld, der dei skal presentere dei nye bøkene sine "Triks" og "Ein filleting som døden". Det blir truleg både morosamt, emosjonelt og fandenivoldsk.
Les mer