Drikkeviser frå Paris

dikt

Velg format

kr 179
På lager
ISBN
9788249516759
"Anna Kleiva har satset på å røre sammen språk- og bilde-elementer som tradisjonelt ikke har så mye med hverandre å gjøre, og som kanskje nettopp derfor er så inspirerende. Og om det ikke er en klassisk Paris-skildring, er det blitt ei framifrå skildring av møtet mellom det franske og bygdenorske med en kobling som det gnistrer av. Dette er bare herlig"
GEIR VESTAD, HAMAR ARBEIDERBLAD
"Anna Kleiva har teke vegen til poesiens og bohemens hovudstad Paris. Men der drikk ho ikkje vin med kultureliten, ho ranglar med ein norsk gris og ein fjøsnisse ... Det er ei frygd å lesa dikt som 'Cocotte' og 'Overtakinga' ... Med det sprelske heilnorske fylgjet på slep snur ho opp ned på byen med dei tunge europeiske tradisjonane ... full av overskot invaderer ho Frankrikes hovudstad med sprelske påfunn og eit skamlaust humør ... Den frekke tonen og sanselysta gjer Drikkeviser frå Paris til ei feirande samling. Eg ventar spent på Kleivas neste bok"
RONNY SPAANS, DAG OG TID
"Litterær karuselltur til eit annleis, farlegare og endå meir fargerikt Paris, der fjøsnissen fylgjer med henne som vil flytta frå bygda og seg sjølv. Anna Kleiva er ein språkkunstnar i fremste rad blant unge poetar ... Kleiva rår over ei stor biletskapande kraft"
KNUT ØDEGÅRD, VÅRT LAND
"grisungen og eg i firsprang frå parkvesenet
vi gøymer oss
i syrinbuskar, søppelposar
vi er erteris og går i eitt med buskaset
vi stel klisne pastisflasker frå under benkane
ingen ser oss pile forbi
der nede langs bakken"

I eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga "Drikkeviser frå Paris" er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkriminelle Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet.

Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst.

Ei utvisking av grenser gir dikta ei særeigen, rykkande kraft - dei utfordrar grensene mellom å føle og ikkje føle forplikting, mellom lavstil og høgstil, dyr og folk, fantasi og verkelegheit, tekst og intertekst, kropp og by, bygde-Noreg og Paris.

"Drikkeviser frå Paris" er ei svimmel og frodig diktsamling om stole gull og glovarmt begjær, om lausriving og uro, om å gi slepp, dikte seg ut, rulle seg i søla.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2016
ISBN 9788249516759
Innbinding Ebok
Tittel Drikkeviser frå Paris
Bokgruppe 852
I salg 22.04.2016
Emne Paris Lyrikk Skjønnlitteratur
Anna Kleiva

Anna Kleiva

Anna Kleiva er fødd i 1985 i Oslo. Ho er oppvaksen på Vinstra og bur i Oslo. Ho gav ut diktsamlinga Ti liknande versjonar i 2011. Vårar seinare er den andre boka hennar. Boka blei tildelt Natt & Dags Oslopris Årets bok 2014, og Melsomprisen 2015. I 2015 blei Anna Kleiva også tildelt Bjørnsonstipendet på 25.000 kroner og Diktardagarprisen 2015 under Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå mottok.

 

Litterære priser:

Bjørnsonstipendet 2015

Diktardagarprisen 2015

Melsomprisen 2015

Osloprisen 2014

 

Utgitt på Oktober:

2018 Echo Mountain. Forteljingar frå L.A.
2016 Drikkeviser frå Paris
2014 Vårar seinare
2011 Ti liknande versjonar
Les mer