Plikt
Vis info om boka Skjul info om boka
Utgitt | 2021 |
---|---|
ISBN | 9788249523283 |
Innbinding | Innbundet |
Tittel | Plikt |
Bokgruppe | 411 |
Emne | Skjønnlitteratur Romaner |
"Eg har ingen foreldre, ingen partnar, ingen born, men denne eigedomen finst. Dette huset og dette fjøset finst. Dei er fysiske prov på at familien min og eg har funnest, at vi har arbeidd og ete og vore saman. Desse prova framstår plutseleg som umistelege. Nokon må bu i huset og bruke tinga.
Eg skal flytte heim for å ta over garden, ikkje fordi eg vil, men fordi eg føler at eg burde ville".
Då faren plutseleg døyr, vel den unge mannen å flytte heim til garden han vaks opp på. Han tar på seg arbeidskleda som faren pleidde bruke, og blir sauebonde. Nært og levande skildrar romanen den unge bondens dagar saman med sauene, omsorga han må gje kvart einskilt dyr, og alt det praktiske som må takast hand om.
"Plikt" er ei gripande og innlevd forteljing om kva det vil seie å drive ein liten gard i vår tid, om nærleiken til dyr og natur, og om det å høyre til i ein tradisjon. Nesten umerkeleg viser det seg også å vere forteljinga om ei einsemd som er så stor at ho kanskje ikkje kan berast.