Bilydar
dikt
"Det er ein fin debut. Dikta kommuniserer direkte og har uventa og originale metaforar. Clementine skriv stilsikkert - med eit uttrykk frå boka: «uanstrengt, men modig / som eit vengjeslag». Tonen er ofte humoristisk med sjølvironi og ordspel. Det gjer dikta lette å like. At temaet utfordrar oss, får oss til å dikte vidare, er eit anna teikn på kvalitet. Og sjølv om Clementine undervegs reflekterer rundt eigen skriveprosess, blir dikta aldri tørre og akademiske. Dei luktar ikkje av papir, men av søt livsglede og vonde erfaringar, modig latter og sår hud"
TORE ELIAS HOEL, DAG OG TID
Dikta er prega av fleire augeblinkskildringar, som seier mykje utover sin eige temporalitet. Språket er beint fram, forståeleg og uanstrengt. Det er tidvis vart, forsiktig og prøvande, samstundes som ein finn røffare, djupare og meir underfundige ordklumpar innimellom verselinjene. Dette underbyggjer godt det tematiske aspektet; og syner korleis kjærleikstankane kan endre retning og utforming ... Det som slår meg mest, er Clementine sin finurlege bruk av metaforar og bilete ... Dikta kan lesast beint fram, men utfordrar samstundes til undring.
INGRID M. THORVALDSEN, FIRDA
"Til tross for at Marianne Clementine vandrer i velkjent poetisk landskap i Bilydar og tyr til fugler og skog når hun komponerer tekst, klarer hun likevel å tilføre noe nytt ... Jeg blir imponert over Clementines ungdommelige nerve og slående punchlines. Hennes styrke er å bryte opp tekstene med en uventet avslutning. Slik holder hun leseren på pinebenken, og som leser må man hele tiden være på tå hev. Det er godt gjort ... Bilydar oser av talent ... Marianne Clementine er én av dem som har det lille ekstra.
BRYNJULF JUNG TJØNN, VG
"Endeleg har me ein kvinneleg rockepoet her til lands ... I diktsamlinga hennar balanserer det direkte og ungdommelige, det som vekslar i bråe kast mellom det kyniske og det sårbare, opp imot nokre velvalde plasser der ho lar det skina igjennom at det finst eit etterpå ... Dette er ikkje flinkt, det er rock'n roll! ... tankevekkande og dyktig utført"
HADLE OFTEDAL ANDERSEN, KLASSEKAMPEN
"Av og til beveger hun seg på knivseggen mellom det som er enkelt, men har dybde, og det som kan oppfattes som banalt. Men alltid faller hun ned på rett side. Diktene hennes har klør og er oppfinnsomme ... Diktene til Clementine er unge og slående på den gode måten, med massevis av presise bilder som er fristende å sitere ... Det skal bli morsomt og interessant å følge Marianne Clementine videre. Jeg er overbevist om at det kommer mer"
TRULS HORVEI, HAUGESUNDS AVIS
"Boka er god. Den er uvanlig god. Marianne Clementine er rett og slett kul! Hun føyer seg inn i rekken av unge, spennende lyrikere som har debutert de siste årene ... Her er mange kjærlighetserfaringer samlet i én konsentrert historie. Den har temperament og raffinement, og den er fortalt fra den kvinnelige partens side ... I Marianne Clementines poesi møtes litterær selvbevissthet med ekte fortvilelse: «det gjorde så innmari vondt», heter det avslutningsvis. Det tror vi på"
BJARNE MARKUSSEN, FÆDRELANDSVENNEN
Dikta i Bilydarfortel ei kjærleikshistorie som rommar fleire kjærleikar, fleire kroppar. Dei er merka på kvart sitt vis, og dei er i trefningar på mange slags plassar - like gjerne ei lauvhytte som ein benk som ein hardcorekonsert. Den gjensidige utforskinga som tek til når to menneske rører ved kvarandre, blir til eit stort landskap. Dei klangfulle og spørjande dikta til Marianne Clementine ligg tett opp til musikken. "Dikta kommuniserer direkte og har uventa og originale metaforar ... Tonen er ofte humoristisk med sjølvironi og ordspel. Det gjer dikta lette å like. At temaet utfordrar oss, får oss til å dikte vidare, er eit anna teikn på kvalitet. Og sjølv om Clementine undervegs reflekterer rundt eigen skriveprosess, blir dikta aldri tørre og akademiske. Dei luktarikkje av papir, men av søt livsglede og vonde erfaringar, modig latter og sår hud" TORE ELIAS HOEL, DAG OG TID Marianne Clementine er fødd i 1987 og bur i Oslo. Diktsamlinga Bilydar er hennar første bok.
Vis info om boka Skjul info om boka
Utgitt | 2012 |
---|---|
ISBN | 9788249511013 |
Innbinding | Ebok |
Tittel | Bilydar |
Bokgruppe | 852 |
I salg | 07.08.2012 |
Design | Exil Design |
Emne | Lyrikk Skjønnlitteratur |