Vesen

roman

Velg format

kr 298
ISBN
9788249500635
«Jordbærplukkarar trengst på Laden - 2 km.» Og eg såg denne plakaten, tjukke sprittusj-strekar, eit teikna jordbær mot signalgul kartong. Kvifor ikkje? Bada i jordbær, monotont riva bæra av stilkane, i korga, i munnen, i korga, no og då kikka opp på det blå. Jordbæret, når du deler det på langs, når du skjønar du har fanga det vakraste, det mest pirrande ein åker kan gje deg. Når du tygg ein bit, og du ser det kvite i sentrum, det rosa, det raude, gåsehuda utanpå, og det grøne bladet bæret skjuler seg bak. Når du finn ei meining i det du dyrkar. Ei ny meining. Og eg veit at Ylva ikkje kjem etter meg, eg veit at ho ikkje kjem attende, ho vil ikkje finna meg der heime, og eg veit at ho ikkje vil leita, det er forbi, ho handla og braut ut, gjorde det eg ikkje klarte å tenkja ferdig, og er det difor eg køyrer opp denne grusvegen, er det difor eg svinga av, tenkjer eg, er det difor eg kjenner denne mektige kjensla av å vera på veg inn i noko som drar meg opp?

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2001
ISBN 9788249500635
Innbinding Innbundet
Tittel Vesen
Bokgruppe 410
Emne Reiser Romaner Skjønnlitteratur
Eirik Ingebrigtsen

Eirik Ingebrigtsen

Eirik Ingebrigtsen (f. 1975) debuterte som forfattar med romanen Vesen i 2001. Han har sidan skrive romanane Snø dempar lyd, tre lukkar inne (2003), Vendrakovic (2006), Viddesyn (2009), Heimfall. Ei juleforteljing (2012), Spikrar frå fallande plankar (2015), Kvit bok mørk vinter (2018) og Sjøskade (2021). I 2013 fekk Eirik Ingebrigtsen Sultprisen for forfattarskapet, og i 2016 blei han tildelt Nynorsk litteraturpris. To gonger har han blitt nominert til Lytternes romanpris. Konglefall. Ein sabotasje er hans niande roman.

 

Litterære priser

Sultprisen 2013

Nynorsk litteraturpris 2016

 

Av Eirik Ingebrigtsen:

2025

Konglefall. Ein sabotasje

2021

Sjøskade

2018

Kvit bok mørk vinter

2015

Spikrar frå fallande plankar

2012

Heimfall. Ei juleforteljing

2011

Respons 22/7 (red.)

2009

Viddesyn

2006

Vendrakovic

2003

Snø dempar lyd, tre lukkar inne

2001

Vesen

Les mer

Nyheter

11.10.25 | Lansering av Konglefall. Ein Sabotasje av Eirik Ingebrigtsen | Solidaritetsopplesing for Palestina @ Bortenfor

Velkommen til lansering av "Konglefall. Ein sabotasje" av Eirik Ingebrigtsen og solidaritetsopplesing for Palestina! Bortenfor, Laurdag 11. oktober kl. 18
Les mer

3.12.25 | Åpen Oktober: Julespesial! @Forlaget Oktober

Velkommen til åpen oktober: JULESPESIAL 3. desember kl. 17.00 åpner vi forlaget for en feiring av noen av høstens utgivelser.
Les mer