Bla i boken

Sjøskade

roman

Velg format

kr 199
På lager
ISBN
9788249523504
"Ein original roman om mykje som går skeis. Bonus: Eit møte med samtidslitteraturens mest harmoniske tenåring"
MARTA NORHEIM, NRK, ÅRETS BESTE BØKER 2021
"Sterkt skjebnedrama mellom mann og kval … Når denne romanen gjer så sterkt inntrykk, har det med forma å gjere. Ingebrigtsen har eit høgt presisjonsnivå … Gjennom det rytmiske, suggererande språket til Ingebrigtsen blir lesaren sugd inn i universet til Johs … Forureininga av kloden blir både stinkande og eksistensiell når Ingebrigtsen let problema spele seg ut i ein kval og ein mann. Det er svært godt gjort"
MARTA NORHEIM, NRK BOK
"Eirik Ingebrigtsen imponerer igjen … Mange temaer ligger bakt inn i denne tette, velskrevne lille romanen. Særlig frykten for ikke å kunne mestre arbeidslivet etter traumatiske ulykker, blandet med skam og hjelpeløshet, er fint sydd inn i en tekst som oppleves som både sanselig og poetisk. Sjøskade er blitt en lavmælt og formbevisst roman med stort trykk"
TURID LARSEN, DAGSAVISEN
"Sterk miljøroman … Ingebrigtsen skriver bevegelig godt, han er en konge av komma, det lett kortpustete språket bringer fram en rytme i teksten som kler det konkrete og hverdagslige. Samspillet mellom de tre generasjonene fungerer fint, i en stilsikker miljøroman … Den empatiske viljen til å bry seg smitter over på leseren. Det er en stillferdig jubel i denne romanen"
STEIN ROLL, ADRESSEAVISEN
"Menneskelige utslipp er et tydelig gjennomgangsmotiv i romanen … Det er imponerende hvordan Ingebrigtsen får dette nokså udramatiske dramaet til å utspille seg, primært gjennom relasjonene Johs har til dattera og faren, som begge skrives fram i varlige og nyanserte portretter. Med Johs som fortellerinstans har Ingebrigtsen rigga seg til med et ganske genialt litterært utgangspunkt. Seinskadene fra dykkerulykken får hovedpersonens tanker til å vikle seg inn i seg sjøl … Tankesurret motiverer også den assosiative, suggererende stilen som særpreger romanteksten, og som får Ingebrigtsen til å minne om både Jon Fosse og Gunstein Bakke, og kanskje også Tarjei Vesaas, som i sin tid utfordra de etablerte relasjonene mellom menneske og dyr"
ERIK ENGBLAD, VÅRT LAND
"Medrivende om havet, døden, kjærligheten - og plasten i en gåsenebbhval … Forfatteren kommer tett på enkeltindividet, enkle hverdagsting, frykt og omsorg … Fremstillingsteknikken ligger nær en slags «stream of consciousness», med sideordninger og repetisjoner, rytmisk, poetisk, presist og suggererende, og med få punktum og pauser. Likevel, det er en dempet og stillferdig prosa; et pusterom i seg selv. I år markerer Ingebrigtsen 20 år som forfatter, så det passer godt at han kommer med nok en sterk og aktuell bok, den åttende siden debuten"
SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD
"Sterk roman der sansing er viktigare enn handling … ein lyt lesa langsamt, teksten gjer motstand, men det kjennest godt, og ein kjem inn i ein slags melodi, meir enn ein fast rytme, ein melodi, ein song der Johs sansar alt, smått og stort, fortid og notid i eit språk som ikkje er slave av reglar. Ikkje minst observerer han naturen på originalt vis, og det menneskeskapte i naturen, og orda han nyttar står stundom saman for første gong, litt framande for kvarandre … Eg tilrår varmt denne boka til alle som vil ha ei språkleg sterk lesaroppleving og har glede av ein tekst som ikkje er ein duppande floskelpost på bokhavet"
ODD W. SURÉN, DAG OG TID
"Og om natta når alle søv, svømmer delfinane heilt inn i dei trongaste fjordane og legg seg inntil gjestebryggjene, når det er stille i gatene, kjem reven ned lia og snusar på søppelspanna, når eg ligg og søv, løftar naturen seg opp frå bøygde nakkars dalar og lute buskar medan dei sjøskadde draumane skyl hovudet mitt reint og prøver å fortelja meg at det går bra, eg kjem tilbake, no er eg tilbake, det finst luft nok her".

Johs har flytta heim til garden ved sjøen der han vaks opp. Her bur han saman med dottera Jill og faren Paal, enkemann på andre året. Etter ei dykkarulukke, då oksygentilførselen svikta og Johs var nær ved å drukna, har han slite med syn og med sansane, og han har vore sjukemeld frå jobben som marinbiolog i lang tid. Men i kjellaren på garden ligg eit hemmeleg forskingsobjekt han skal skriva rapport om, og som skal bli Johs sin veg tilbake.

"Sjøskade" er ein roman som krinsar rundt naturen, sjøen og havet - det mytiske, livgjevande og øydeleggjande havet - både som tema og skodeplass. Det er også forteljinga om tre ulukker, og om ein liten familie med tre medlemar i tre generasjonar. Eirik Ingebrigtsen går tett på og skriv nært og sanseleg om kvardagen og dei store livskreftene, og om ein far si frykt og omsorg.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2021
ISBN 9788249523504
Innbinding Ebok
Tittel Sjøskade
Bokgruppe 852
I salg 28.01.2021
Emne Ulykker Hav og sjøer Forskere Romaner Vestlandet Skjønnlitteratur Familie
Eirik Ingebrigtsen

Eirik Ingebrigtsen

Eirik Ingebrigtsen (f. 1975) er forfattar og prosjektansvarleg i Norsk Forfattersentrum. Han er frå Os, og bur i Oslo. Han har skrive romanane Vesen (2001), Snø dempar lyd, tre lukkar inne (2003), Vendrakovic (2006), Viddesyn (2009), Heimfall. Ei juleforteljing (2012), Spikrar frå fallande plankar (2015) og Kvit bok mørk vinter (2018), og saman med Gunstein Bakke har han redigert antologien Respons 22/7 (2011).

I 2007 blei Eirik Ingebrigtsen valt ut som norsk forfattar til «Scritture Giovanni», eit europeisk litteraturprosjekt. For romanen Heimfall. Ei juleforteljing blei han kortlista til P2-lytternes romanpris 2012.

I 2013 ble Eirik Ingebrigtsen tildelt Sultprisen for forfattarskapet sitt. Sultprisen er ein litterær pris som blir delt ut årleg av styret for Gyldendals Legat. Les pristala frå Tom Egil Hverven, leiar av Gyldendals legatstyre og litteraturkritikar i Klassekampen:  Sultprisen 2013 – pristale til Eirik Ingebrigtsen 

I 2016 blei Ingebrigtsen tildelt Nynorsk litteraturpris for romanen Spikrar frå fallande plankar. I 2018 blei han på ny kortlista til P2-lytternes romanpris, no for Kvit bok mørk vinter.

Les mer