Sjøskade

Velg format

kr 379
Kommer for salg
29.01.2021
ISBN
9788249523306

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2021
ISBN 9788249523306
Innbinding Innbundet
Tittel Sjøskade
Bokgruppe 411
Emne Skjønnlitteratur Romaner
"Og om natta når alle søv, svømmer delfinane heilt inn i dei trongaste fjordane og legg seg inntil gjestebryggjene, når det er stille i gatene, kjem reven ned lia og snusar på søppelspanna, når eg ligg og søv, løftar naturen seg opp frå bøygde nakkars dalar og lute buskar medan dei sjøskadde draumane skyl hovudet mitt reint og prøver å fortelja meg at det går bra, eg kjem tilbake, no er eg tilbake, det finst luft nok her".

Johs har flytta heim til garden ved sjøen der han vaks opp. Her bur han saman med dottera Jill og faren Paal, enkemann på andre året. Etter ei dykkarulukke, då oksygentilførselen svikta og Johs var nær ved å drukna, har han slite med syn og med sansane, og han har vore sjukemeld frå jobben som marinbiolog i lang tid. Men i kjellaren på garden ligg eit hemmeleg forskingsobjekt han skal skriva rapport om, og som skal bli Johs sin veg tilbake.

"Sjøskade" er ein roman som krinsar rundt naturen, sjøen og havet - det mytiske, livgjevande og øydeleggjande havet - både som tema og skodeplass. Det er også forteljinga om tre ulukker, og om ein liten familie med tre medlemar i tre generasjonar. Eirik Ingebrigtsen går tett på og skriv nært og sanseleg om kvardagen og dei store livskreftene, og om ein far si frykt og omsorg.
Eirik Ingebrigtsen

Eirik Ingebrigtsen

Eirik Ingebrigtsen (f. 1975) er forfattar og prosjektansvarleg i Norsk Forfattersentrum. Han er frå Os, og bur i Oslo. Han har skrive romanane Vesen (2001), Snø dempar lyd, tre lukkar inne (2003), Vendrakovic (2006), Viddesyn (2009), Heimfall. Ei juleforteljing (2012), Spikrar frå fallande plankar (2015) og Kvit bok mørk vinter (2018), og saman med Gunstein Bakke har han redigert antologien Respons 22/7 (2011).

I 2007 blei Eirik Ingebrigtsen valt ut som norsk forfattar til «Scritture Giovanni», eit europeisk litteraturprosjekt. For romanen Heimfall. Ei juleforteljing blei han kortlista til P2-lytternes romanpris 2012.

I 2013 ble Eirik Ingebrigtsen tildelt Sultprisen for forfattarskapet sitt. Sultprisen er ein litterær pris som blir delt ut årleg av styret for Gyldendals Legat. Les pristala frå Tom Egil Hverven, leiar av Gyldendals legatstyre og litteraturkritikar i Klassekampen:  Sultprisen 2013 – pristale til Eirik Ingebrigtsen 

I 2016 blei Ingebrigtsen tildelt Nynorsk litteraturpris for romanen Spikrar frå fallande plankar. I 2018 blei han på ny kortlista til P2-lytternes romanpris, no for Kvit bok mørk vinter.

Les mer