Bla i boken

Plikt

Velg format

kr 229
På lager
ISBN
9788249523528

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2021
ISBN 9788249523528
Innbinding Ebok
Tittel Plikt
Bokgruppe 852
I salg 27.04.2021
Emne Gårdsbruk Psykiske lidelser Ensomhet Skjønnlitteratur Dyr Romaner
"Eg skal flytte heim for å ta over garden, ikkje fordi eg vil, men fordi eg føler at eg burde ville."

Då faren plutseleg døyr, vel den unge mannen å flytte heim til garden han vaks opp på. Han tar på seg arbeidskleda som faren pleidde bruke, og blir sauebonde. Nært og levande skildrar romanen den unge bondens dagar saman med sauene, omsorga han må gje kvart einskilt dyr, og alt det praktiske som må takast hand om.

"Plikt" er ei gripande forteljing om kva det vil seie å drive ein liten gard i vår tid, om nærleiken til dyr og natur, og om det å høyre til i ein tradisjon. Nesten umerkeleg viser det seg også å vere forteljinga om ei einsemd som er så stor at ho kanskje ikkje kan berast.
"Strålende om bunnløs ensomhet … Marianne Håheims nye roman er et kraftfullt stykke romankunst … Plikt er en nydelig roman å lese, av flere grunner. Den er ladet. Lite sies direkte om hva som plager fortelleren. Mye kommuniseres i blikk og bilder, og leseren gis mulighet til å trekke egne slutninger … Sorg og savn finnes også her. Samtidig er Plikt ingen tristessefortelling. Boka rommer humoristiske øyeblikksbilder … Håheims Plikt er en var og kraftfull roman om plikt og arbeid, lengsel og ensomhet"
MAYA TROBERG DJUVE, DAGBLADET
"Det er ei alminneleg historie, ualminneleg godt fortalt … Språket til Håheim er poetisk, direkte og truverdig, det same er alle scenene …. Håheim formidlar ei historie full av nostalgi, stoltheit, skam og sorg. Ho klarer å få fram både kjærleiken og sorgene i nostalgien, det stolte og det tvungne i plikta, og ikkje minst får ho fram skamma mange unge frå bygda kjenner på når dei ikkje ynskjer å flytte heim. For korleis kan vi snakke om at vi elskar å kome frå bygda, når vi ikkje vil tilbake?"
ELISE SOLVÅG, FRAMTIDA
Marianne Clementine Håheim

Marianne Clementine Håheim

Marianne Clementine Håheim (f. 1987) debuterte i 2012 med diktsamlinga Bilydar. I 2015 gav ho ut Svart belte, ein rå og kvass roman om ei ung jente som sveltar seg til randen av overleving. Plikt er den tredje boka til Marianne Clementine Håheim.

Flere forfatterportretter

 

Utgitt på oktober:

2021 Plikt
2015 Svart belte
2012 Bilydar
Les mer

Nyheter

Marianne Clementine Håheim - Flere forfatterportretter

Les mer