Bla i boken

Det er naturleg å vere menneske

vegen til Geiranger : funderingar og ferdaminne

Velg format

kr 349
På lager
ISBN
9788249527908
"ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft … I møte med Erling Indreeides bok stussar kanskje lesaren over sjangeren, for prosa, essay, reise- og minnebok og dikt verkar røysa saman her. Men når ein les boka, fordunstar spørsmålet gradvis fordi ein undervegs må gi seg over til ei poetisk form og ei poetisk tenking som grip lesaren med rytmisk kraft og pust, som rører tankane og får lesarkroppen til å sitre. Det er vent og forunderleg, og ein kjenner seg nokre hakk klokare … Dette er ei bok det er enkelt å anbefale. Mellom anna fordi ho ryddar plass til menneskeerfaringa og erfaringa av det menneskelege, der alt i verda står fram både som noko for seg sjølv og noko for kvarandre"
SINDRE EKRHEIM, DAG OG TID
SEPTEMBERSONG

Eg heng fast i fortida. Til så lenge heng eg fast
i fortida. Eg heng fast i sommaren og minnest
framleis å vere brun på armane, i panna, på kinna
og nedover halsen. Morgonane ser eg det i spegelen
utover i september. Morgonane ser eg huda bleikne
utover i september. Utover i september bleiknar minnet
og ved juletider er eg kvit, ikkje som snø, likevel vinterkvit.

"Det er naturleg å vere menneske. Vegen til Geiranger" er ei vandring i fotefar frå barndom og ungdom. I denne boka har erindringa og minnet ein sentral plass, saman med eit aldri kvilande medvit om den nådelause tidas gang - om tilkomst, forandring og forsvinning.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2024
ISBN 9788249527908
Innbinding Innbundet
Tittel Det er naturleg å vere menneske
Bokgruppe 413
I salg 20.03.2024
Design Exil Design
Emne Lyrikk Skjønnlitteratur
Erling Indreeide

Erling Indreeide

Erling Indreeide (f. 1945) debuterte med diktsamlinga Trakter i 1972 og har sidan gjeve ut seks diktsamlingar, eit musikkdrama, ei gjendikting, barneboka EPLEkosMOS, samt Reiser seg og går (1993) og Tann for auge (2001) med genrenemninga «soger». I 2003 kom essayet Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader, som han fekk Melsomprisen for. I 2006 gav han ut den kritikarroste diktsamlinga Langrenn, og i dei seinare åra har han gjeve ut samlingane Vi er presens (2012) og Infinitivsmerke (2014). Den siste boka hans, Det er naturleg å vere menneske, har sjangernemninga funderingar og ferdaminne.

 

Litterære priser:

2004 Melsomprisen

 

Utgitt på Oktober:

2024 Det er naturleg å vere menneske (Dikt)
2014 Infinitivsmerke (Dikt)
2012 Vi er presens (Dikt)
2003 Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK med merknader (Essay)
2001 Tann for auge og andre reiser (Dikt)
Les mer