Guri Sørumgård Botheim

Guri Sørumgård Botheim

Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) kjem frå Lesja og flytta nyleg til nabokommunen Dovre, etter mange år i Trondheim. I lag med systera Sigrid debuterte ho med romanen Ramstein pensionat i 2009. Sigrid og Guri har vore humorskribentar saman og er kjente for særeigne framføringar. I 2016 gav Guri ut Heime mellom istidene, ei diktsamling om kva det vil seia å kjenne seg heime, om ansvar og om erindring som tinar fram. Høgfjellsmeldinga vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Guri har eit hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå NTNU og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Ho arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum.

 

Utgitt på Oktober:

2023 Høgfjellsmeldinga

Nyheter

Guri Botheim - Flere forfatterportretter

Her finner du flere forfatterportretter av Guri Botheim
Les mer