Utdrag frå Mistru den som ikkje er nostalgisk! med merknader

om det forgjorte

Velg format

kr 398
ISBN
9788249501342
"Essay i en tradisjon fra Zappfes Om det tragiske” Essayet (…) er ein både lærd og intellektuelt uroleg forfattars freistnad på å finna overlevningsmåtar for det som ikkje kan målast og omsetjast. Trass i dei dystre perspektiva, er likevel Indreeides essay ei hylling til det som ikkje løner seg, som ikkje let seg måla, som ikkje let seg kjøpa/selja eller omsetja på anna vis. Til kjærleiken og poesien. Vi har ikkje i vår tid mange som med så sterk intellektuell kraft, så overtydande formuleringsevne og så modig som Indreeide hevdar eit forsvar for mennesket."
AFTENPOSTEN
Finst den korrekte barndomen? Den korrekte måten å leva på? Og med bakgrunn i 11. september 2001; kva vil det seie at noko er monstrøst? kan det utryddast? Erling Indreeide skriv om teknologiutopisme i breid forstand; troen på at livet kan kontrollerast, og om kva som går tapt i det ikkje-målbare og uomsetjelege. Essayet er breidt anlagt og satt saman av diskusjonar kring dagsaktuelle døme, meir poetiske soger samt omgrepsteoretiske tekstar som lét eit samanhengande eksistensielt tankesystem koma gradvis til syne. Under tankesystemet ligg ein hyllest til den ikkjemålbare kjærleiken.

"Mistru den som ikkje er nostalgisk" er manuskriptet som var basis for Obskurteateret, Det Norske Teatret, 2000.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2003
ISBN 9788249501342
Innbinding Innbundet
Tittel Utdrag frå Mistru den som ikkje er nostalgisk! med merknader
Bokgruppe 415
Emne Faglitteratur Essay
Erling Indreeide

Erling Indreeide

Erling Indreeide (f. 1945) debuterte med diktsamlinga Trakter i 1972 og har sidan gjeve ut seks diktsamlingar, eit musikkdrama, ei gjendikting, barneboka EPLEkosMOS, samt Reiser seg og går (1993) og Tann for auge (2001) med genrenemninga «soger». I 2003 kom essayet Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader, som han fekk Melsomprisen for. I 2006 gav han ut den kritikarroste diktsamlinga Langrenn, og i dei seinare åra har han gjeve ut samlingane Vi er presens (2012) og Infinitivsmerke (2014). Den siste boka hans, Det er naturleg å vere menneske, har sjangernemninga funderingar og ferdaminne.

 

Litterære priser:

Melsomprisen 2004


Utgitt på Oktober:

2024 Det er naturleg å vere menneske (Dikt)
2014 Infinitivsmerke (Dikt)
2012 Vi er presens (Dikt)
2003 Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK med merknader (Essay)
2001 Tann for auge og andre reiser (Dikt)
Les mer