Viddesyn

roman

Velg format

kr 369
ISBN
9788249507016
”En snurrig beretning om jakten på synet, som dirrer av kunnskap … Nesten 300 sider om vidde og synslidelse – det høres kjedelig ut, sant? Ikke når du skriver så finurlig og underholdende som Eirik Ingebrigtsen … Her tyter det ut av kunnskap … Det hele er både snedig og sært … Språket knitrer og knaker, boka har et overskudd av fine formuleringer”
ELLEN SOFIE LAURITZEN, KLASSEKAMPEN
”Svært interessant roman om synets fenomenologi … Eirik Ingebrigtsen leverer her en intellektuell, utfordrende og givende roman … Viddesyn er en sanselig roman som nettopp problematiserer sansningen”
LINDA KASPERSEN, ADRESSEAVISEN
”Eirik Ingebrigtsen skriv umåteleg godt. Viddesyn er i tillegg ei original historie. Ei bok å merkje seg … Ingebrigtsen er ein forfattar som har vist fram ei tydeleg og god forteljarrøyst frå debuten i 2001, og Viddesyn gjer ikkje skam på forfattarskapen. Ingebrigtsen skriv historier som er annleis på ein liketil måte … Ingenting er påklistra eller klossete, og språket er både sanseleg og tørt morosamt … ein klok og overtydande observatør og tolkar … Ingebrigtsen strekkjer seg frå prosa til poesi. Viddesyn er eit konglomerat som viser Ingebrigtsens styrke som stilist … Eirik Ingebrigtsen skriv som om han skulle vite mykje om syn og synslidingar og klarer å tematisere syn og sansing på enkelt, finurleg og kunnskapsrikt vis … Viddesyn er til å bli begeistra av. Historia er original og gir meg uvande biverknader. Eg blir forførd av språket og blikket, og eg får umåteleg lyst til å kome meg til fjells”
MARGUNN VIKINGSTAD, DAG OG TID
"Så vidt eg veit, er det berre Sara Klingmot som har synsforstyrringa høgdegliding" Eirik Ingebrigtsen (forfattar) Biletkunstnar Sara Klingmot skal gå seg frisk på Hardangervidda. Ho har ei udiagnostisert synsforstyrring som ho sjølv kallar høgdegliding. Folk ho møter blir høgare enn dei verkeleg er; dei glir opp, akkurat som motiva ho malar glir opp på lerretet. Det flate, monotone landskapet på vidda er det synsnerven treng, meiner augespesialist (og poet) dr. J. Mallang. Sara opplever nokre intense syn undervegs som fascinerer og skremmer. Mona, dottera til Sara, nyleg utvist frå ungdomskulen på grunn av ei mobbesak, er også med på turen, og i vegen for moras synsforstyrringsavvikling og kreative utvikling. Romanen inneheld også Kongleprøven, ei novelle av Erik Engebretsen, samt J. Mallangs diktsamling Utsnitt av foss overraska av kulde.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2009
ISBN 9788249507016
Innbinding Innbundet
Tittel Viddesyn
Bokgruppe 411
I salg 22.10.2009
Design Exil Design
Emne Romaner Billedkunstnere Skjønnlitteratur Fotturer
Eirik Ingebrigtsen

Eirik Ingebrigtsen

Eirik Ingebrigtsen (f. 1975) er forfattar og prosjektansvarleg i Norsk Forfattersentrum. Han er frå Os, og bur i Oslo. Han har skrive romanane Vesen (2001), Snø dempar lyd, tre lukkar inne (2003), Vendrakovic (2006), Viddesyn (2009), Heimfall. Ei juleforteljing (2012), Spikrar frå fallande plankar (2015) og Kvit bok mørk vinter (2018), og saman med Gunstein Bakke har han redigert antologien Respons 22/7 (2011).

I 2007 blei Eirik Ingebrigtsen valt ut som norsk forfattar til «Scritture Giovanni», eit europeisk litteraturprosjekt. For romanen Heimfall. Ei juleforteljing blei han kortlista til P2-lytternes romanpris 2012.

I 2013 ble Eirik Ingebrigtsen tildelt Sultprisen for forfattarskapet sitt. Sultprisen er ein litterær pris som blir delt ut årleg av styret for Gyldendals Legat. Les pristala frå Tom Egil Hverven, leiar av Gyldendals legatstyre og litteraturkritikar i Klassekampen:  Sultprisen 2013 – pristale til Eirik Ingebrigtsen 

I 2016 blei Ingebrigtsen tildelt Nynorsk litteraturpris for romanen Spikrar frå fallande plankar. I 2018 blei han på ny kortlista til P2-lytternes romanpris, no for Kvit bok mørk vinter.

Les mer