Utanfor institusjonen

Velg format

kr 119
På lager
ISBN
9788249512751

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2014
ISBN 9788249512751
Innbinding Ebok
Tittel Utanfor institusjonen
Bokgruppe 852
I salg 11.12.2013
Emne Lyrikk Skjønnlitteratur
Lars Amund Vaage skriv om galskap i den andre diktsamlinga si. Korleis er det å leva med det uforklarlege? Han skriv også om blafringa i fallskjermar, motorbrøl og hunden med tre augo.
”Lars Amund Vaages nye diktsamling er en sterk, personlig og mangfoldig historiefortelling om galskapens væremåter og kommunikasjonsformer innenfor og utenfor institusjonene. Poesiårets viktigste samling? Vaage skriver med poetisk myndighet, lavmælt intensitet og med kyndig distanse til stoff og tematikk. En stille fortvilelse og en gjennomlevd sorg ligger og dirrer under de skjebnetunge, mytologiserte og realistiske dikttablåene … Hovedfokuset er de gales og galskapens plass og fortolkninger, individuelt og kollektivt. Det er godt gjort å formidle et så uttværet stoffområde så nytt og inntrengende”
ARNE HUGO STØLAN, VG
”Sterke bilete av psykiatriske pasientar. Lars Amund Vaage er eit stort namn som prosaforfattar i fedrelandet. At han også er ein fin poet, er mindre kjend … Naturleg og overskridande … Det er sterke bilete av sjukdomens herjingar, uforståelege handlingar, ord og lyd …dette er ei diktsamling så godt som utan eit einaste likegyldig ord”
KNUT ØDEGÅRD, AFTENPOSTEN
”Ualminnelig sterkt om forståelse og galskap … Vaages bok er modig og god ... Diktene er skrevet 'Utanfor institusjonen'. Likevel kikker de inn. Og de gale kommer ut … Lars Amund Vaages diktsamling er et godt forsøk på å nærme seg galskapen fra andre kanter enn normalprosaen, slik også flere av hans tidligere bøker har gjort”
TOM EGIL HVERVEN, KLASSEKAMPEN
”Fascinerande dikt om galskap og institusjonsliv … Vaages stillferdige, tillitsfulle og melankolske dikt har tydelege episke moment. Dikta snur fram rørsler som kastar frå seg – nesten – umerkelege, men fascinerande bilete … Vaages dikt viser korleis utanforståande og pårørande på godt og vondt kan fangast i institusjonens språkverd”
SINDRE EKRHEIM, BERGENS TIDENDE
”Dikt om dei galne på den rette måten … Heile boka er prega av forfattaren si sikre skrivehand, eit språk som på sitt konkrete vis får landskap og kjensle, spørsmål og svar til å oppstå og forvitra framfor augo våre. Ein poesi som er levande og ustryleg, og får oss til å lesa vidare fordi det er spennande. Dikta om dei galne er skrivne med ein smittande energi og ei språkføring som gjer at me vil finna ut kvar dette ber hen … Ei diktsamling om galenskap, bilar og kjærleik må vel ha appell?”
HELGE TORVUND, DAGBLADET
”årets sterkeste diktsamling om aldring og demens … Vaage er mest kjent for sine romaner, men hans lyrikkdebut for fem år siden var en gledelig overraskelse. På sett og vis var det som en hjemkomst, som om noen av de beste kvalitetene ved Vaages begavelse og egenart kommer særlig til sin rett i lyrikken. Jeg håper han fortsetter å riste noen dikt ut av ermet i årene som kommer… en flott bok”
EIRIK LODÉN, STAVANGER AFTENBLAD
Utanfor institusjonen er ei sjeldan kjenslevar diktsamling som opnar rom som gjer oss klokare, rausare og meir klårsynte … Poetisk og velskrive ... Meiningsberande og gripande lesnad … Dette er eit poetisk prosjekt det står stor respekt av”
KIRSTI MATHILDE THORHEIM, DAG OG TID
Utanfor institusjonen krever å bli lest langsomt og flere ganger”
TRULS HORVEI, HAUGESUNDS AVIS
”Oppsiktsvekkende sterkt om normalitet og galskap, språk og stumhet, og det kompromissløse livet vi ikke kan verge oss mot”
ARNE HUGO STØLAN, VG, kritikernes favoritter 2006
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) debuterte i 1979 med romanen Øvelse kald vinter. Tre år seinare slo han gjennom med romanen Fager kveldssol smiler. Han har sidan skrive ei rekke særeigne romanar, noveller, skodespel, barnebøker og dikt. Han er og gjendiktar. Han har motteke mange prisar for bøkene, mellom anna Kritikerprisen i 1995 for Rubato, og Aschehougprisen samme år, for Rubato blei han også innstilt til Nordisk Råds pris. Han har fått Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfatterskap. I 2002 fekk han P2-lyttaranes pris for romanen Kunsten å gå, i 2005 fekk han Emmausprisen for Tangentane og i 2011 fekk han Melsomprisen for Skuggen og dronninga. Romanen Syngja (2012) fekk strålande kritikkar. Vaage fekk Brageprisen, Nynorsk litteraturpris og blei nominert til Kritikerprisen for boka. Det uferdige huset (2020) er Vaages tjuande bok for vaksne. 

Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, og spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Fleire av bøkene hans har skapt debatt då dei kom ut, t.d. Den framande byen, den nyskapande historiske romanen om psykiataren Wilhelm Reich, og romanen Tangentane om ein knust musikardraum frå 2005. Nokre av verka hans har blitt omsette til andre språk, t.d. tysk, russisk, polsk, hindi og engelsk.

I 2001 var han festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen og i 2008 ved Dei nynorske festspela.

Vaage har gjendikta den amerikanske lyrikaren Lorine Niedeckers viktigaste verk Nord sentralt (2003), og Å koma tilbake frå fienden (2006) av cherokee-indianaren Joy Harjo. I 2009 kom Sanndrøymd. Dikt for unge av poeten og bygningsmannen Bob Arnold. I 2007 ga han ut ei omsetjing av Katt på heitt blekktak av Tennessee Williams.

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Les mer