Mjølketid

roman
Annen tilknytning:

Velg format

kr 449
På lager
ISBN
9788249527106
"Vaage skriv med djup innsikt i menneskesinnet … Forfattaren legg seg tett på Clara, og ved å halda seg der skriv han fram ei sterk og interessant, men samstundes alminneleg soge med fascinerande vitnemål frå ei tid som ikkje er fjern, rekna i år, men langt borte om ein reknar i kår. Skildringa av arbeidet på ein liten vestlandsgard er mellom det aller beste i denne romanen, og særleg gjeld det fjøsstellet ... Personane i boka er med andre ord samansette, ein vert ikkje heilt ferdig med dei. Det gjer dei levande og relevante for lesaren, i ein rik roman utan lesarflørt og frieri"
ODD W. SURÉN, DAG OG TID
"I en svært gjenkjennelig, ofte ganske knapp og nøktern stil, evner Vaage å gi teksten sin en særegen rytme som driver lesningen fremover"
ERLEND LIISBERG, BERGENS TIDENDE
I 1967 er tida ommen for Gabriel Hallvardsson i Hauge. Kona hans, Clara, har sete trufast hos han dei siste dagane på sjukehuset i Bergen. Her i byen voks ho sjølv opp, i ein velsituert, barnerik familie i Fosswinckels gate. No skal kista med den avlidne tilbake til garden, før Gabriel skal i jorda, som fedrane før han.

Ei ny tid byrjar for Clara. Eldstesonen Sigurd og den geskjeftige kona hans vil overta gamlehuset, medan Clara får flytta over tunet, til bestemorhuset. Her sit ho ved vindauget og let minna koma rullande: den håpefulle tida som telefonistinne i Gabriels bygd, dansen på ungdomshuset, forelskinga, giftarmålet. Dagane som ung, famlande mor, hustru til ein bonde som eigentleg er forfattar og som heller reiser på talarferd i kampen for det nye Noreg enn å dyrka jorda. Bymålet sitt legg ho innimellom vekk, av omsyn til Gabriel og nynorsksaka. Ho deltek i misjonen som framfor alt vil hindra livsførselen til dei reisande. Livet blir fylt av sjalusi, einsemdkjensle og draumar for kjærleiken, for dottera, for sønene som brått er vaksne då krigen kjem.

"Mjølketid" er ein frittståande oppfølgjar til "Det uferdige huset", som vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. I "Mjølketid" teiknar Vaage eit rikt portrett av ei kvinne, ei tid og eit liv slik det trer fram for henne som har levd det.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2023
ISBN 9788249527106
Innbinding Innbundet
Tittel Mjølketid
Bokgruppe 411
I salg 08.09.2023
Emne Skjønnlitteratur Bygder Romaner Familie Vestlandet Historisk litteratur 1960-1969