Kunsten å gå

roman

Velg format

kr 119
På lager
ISBN
9788249512720

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2013
ISBN 9788249512720
Innbinding Ebok
Tittel Kunsten å gå
Bokgruppe 852
I salg 11.12.2013
Emne Sykdommer Skjønnlitteratur Barndom Romaner
Han var eit sjukleg barn, ein gut som blir send ut og inn av sjukehus i ein periode av barndomen. I lengre tid kan han ikkje gå. Han ligg i senga og blir mata og pleid, støtta og følgd omkring av mor. Men mor var ikkje mor, ho var dama som hadde jobba i butikken til far, og ho blei den andre kona til far da mor døydde. Utan at far eller mor veit om det begynner han å gå, han er i båtbyggjeriet. Der begynner han å fortelja. Om far, om butikken, om seg sjølv.

Lars Amund Vaage mottok P2-lytternes romanpris for "Kunsten å gå" i 2002, og han var nominert til Brageprisen for denne romanen.
”Levende fra Vestlandet ... En fin og klok forteller”
YNGVAR USTVEDT, VG
”Historie som vekker undring og erkjennelse - en særs velkomponert roman”
LILLIAN VATNØY, DAGSAVISEN
”Bokhøsten kan trygt avblåses når vi har fått Lars Amund Vaages siste litterære bedrift i hus”
PÅL GERHARD OLSEN, BERGENS TIDENDE
”Med Kunsten å gå har han nok en gang levert ei bok som fortjener å bli lest av mange ... Historien glir elegant fram og tilbake i tid”
NORDLYS
”Klok, lavmælt og mesterlig skrevet roman - Det er bøker som dette som forsterker oss i troen på at den gode litteraturen kan fortelle oss noe som bare den kan, som kan si oss noe som ikke kan sies med andre ord, det uutsigelige”
ØYSTEIN ROTTEM, DAGBLADET
"Det er en bred fortelling, med mange ulike modi, med var poesi, med voldsomme utbrudd, og her er også magiske, symbolske deler … Det er de såre og vare skildringene av hjelpeløse og ensomme mennesker som har gjort størst inntrykk på med hos Vaage, dette at han kan skrive med så mye medlidenhet, så tungt av alvor, men likevel med humor og aldri sentimentalt og forenklende”
HILDE STUBHAUG, VINDUET
”Omstendelig og vakker, insisterende og gåtefull ... Lars Amund Vaage har gjort det igjen”
MORTEN AUKLEND, KLASSEKAMPEN
”Ein god roman om eit sjukeleg barn ... Forteljaren Vaage falder seg ut”
BJARNE TVEITEN, FÆDRELANDSVENNEN
”Kunsten å gå har både sunge, ledd og gråte i meg ... ein roman som fortjenar mange lesarar”
MARGUNN VIKINGSTAD, DAG OG TID
”Språket syng og nynnar og orda kveilar seg saman med den raude tråden, det er så fint fortalt, det er så fint skrive”
KAREN MARIE FRØSLAND, VÅRT LAND
”ein særs elegant, klok og utfordrande forteljar”
STEINAR SIVERTSEN, STAVANGER AFTENBLAD
”Utsøkt komponert barndomserindring”
TERJE EIDSVÅG, ADRESSEAVISEN
”Vakkert om kunsten å gå ... en av de beste romanene i foregående år”
FINN STENSTAD, TØNSBERG BLAD
”en besnærende beretning om en manns vandring langs livets kronglete landevei”
GEIR LØVLI, FREDRIKSSTAD BLAD
”Dette er en av årets beste norske romaner som fortjener mange lesere”
MARIT EGAAS, SOLABLADET
”ei feiande flott lesaroppleving”
ERLEND KAASA, VARDEN
”ei erkjennelsesreise gjennom språket”
HAUGESUNDS AVIS
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker.

I 1995 gav han ut romanen Rubato, som han fekk Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for, og som dessutan vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. Vaage har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå, og i 2012 fekk han Brageprisen for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme.

Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, det same er spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. 

I 2001 var Vaage festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen, og i 2008 ved Dei nynorske festspela. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, og i 2018 skreiv han Vinje, vår mann for Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» og turnerte med denne framsyninga som pianist saman med tenoren Aasmund Kaldestad og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Vaage verkar òg som gjendiktar.

Verk av Vaage er omsett til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.

 

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Les mer