Hvítrheimr
roman
"Mørk fabel om naturtap … Hvítrheimr er ei poetisk påminning om det me er i ferd med å mista … Austigard leikar seg med eldgamle ritual, mytar, segn og folkeeventyr, blandar det saman med eit nådelaust byråkratspråk. Dette skaper ein fascinerande, suggererande og spenstig tekst … For denne romanen gir meg lyst til å springe ut i naturen, puste inn frisk fjelluft, flyte elegant over myra som ein «myrgjengar». Vekk frå asfalten, opp i fjellheimen, for å kjenne «den djupe pulsen slå» under bakken.»"
ELLEN SOFIE LAURITZEN, NRK BOK
"Jeg trodde ikke en nynorsk roman om aurefiske, breer og gamle lover skulle holde meg våken til klokka to på en ukedag. Men Edmund Austigards første roman på over et tiår gjorde nettopp det...Språket er presist, bildene er tydelige, humoren tørr og velplassert... Austigard kombinerer det episke og det virkelighetsnære på en måte som får leseren til å sitte igjen med både gåsehud og ettertanke. Han lykkes med å male et kraftfullt portrett av hva vi kan ende opp med å miste når naturen forvandles til tall og børser."
TORSTEIN HOSET, STAVANGER AFTENBLAD
Ein Vassfadl er det siste leddet i ei stolt slekt frå fjellgarden under breen Hvítrheimr, med røter tilbake til istida. Ifølgje mytane er auren i fjellvatna under breen deira ansvar. Døyr auren ut, er endetida nær.
Rett før aurafisket det året Ein er tolv år, bryt han forbodet mot å røre den heilage heimsboka, og dagen etter er all fisk i vatnet død. Deretter følgjer ulykke på ulykke i livet til Ein, og nå er Ein slått konkurs, han har ingen arvtakar eller veg ut. Han er ein mann utan framtid. Staten kjem til å overta heile området under breen og demme det opp. Alt han elskar kjem til å forsvinne. Med mindre det finst krefter i dette universet som vil det annleis.
Edmund Austigard har Hvítrheimr skapt ei verd med ein eigen mytologi - opphavsmytar, ritual, heilage
gjenstandar, påbod, forbod og forbanningar. Det er ei verd der det mytiske og det verkelege er vanskeleg å skilje. Det handlar om breen som smeltar, auren som døyr, språk og kultur som forsvinn, å ta val som kan få uopprettelege følgjer.
Hvítrheimr er ein moderne fabel om kampen om ressursar, ansvar og om kunsten å gå myr.

Vis info om boka Skjul info om boka
| Utgitt | 2025 |
|---|---|
| ISBN | 9788249528981 |
| Innbinding | Innbundet |
| Tittel | Hvítrheimr |
| Bokgruppe | 410 |
| I salg | 25.03.2025 |
| Emne | Skjønnlitteratur |