Dikt i samling

Velg format

kr 329
På lager
ISBN
9788249525539
Ein skapande som ser lenge nok inn i eit mørker som er kvitt, vil kunna sjå ungdommen, skriv Eirik Ingebrigtsen i etterordet til Dikt i samling. Han omtalar klangbringaren, romsjåaren Lars Amund Vaage, denne diktaren som ser dei unge i dei gamle, det som var i det som er. Heile sitt skrivande liv har Vaage vore oppteken av kva som skjer med menneska når tradisjonane vert borte, av situasjonen til dei svake i samfunnet, av togn og språkløyse og av kjærleikens karakter og vilkår. Og ikkje minst er musikkens språk berande i forfattarskapen; Vaage, som òg er pianist, er høgt verdsett for det musikalske og biletskapande språket sitt.
Lars Amund Vaage er kanskje først og fremst kjend som ein av våre største romanforfattarar, men han er ikkje mindre særmerkt som lyrikar. Med denne boka ligg dei hittil fire diktsamlingane hans føre i eitt band.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2022
ISBN 9788249525539
Innbinding Pocket
Tittel Dikt i samling
Bokgruppe 413
I salg 09.05.2022
Emne Lyrikk Skjønnlitteratur
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker.

I 1995 gav han ut romanen Rubato, som han fekk Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for. Vaage har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå, og i 2012 fekk han Brageprisen for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme. To gonger har han vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, sist for romanen Det uferdige huset (2020).

Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, det same er spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår.

I 2001 var Vaage festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen, og i 2008 ved Dei nynorske festspela. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, og i 2018 skreiv han Vinje, vår mann for Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» og turnerte med denne framsyninga som pianist saman med tenoren Aasmund Kaldestad og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Vaage verkar òg som gjendiktar.

Verk av Vaage er omsett til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.

 

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Les mer

Nyheter

Terje Holtet Larsen og Lars Amund Vaage nominert til P2-lytternes romanpris 2020

Nominasjonene til P2-lytternes romanpris 2020 er nå offentliggjort. Terje Holtet Larsens Oppskrittingen av et indre landskap og Lars Amund Vaages Det uferdige huset er begge nominerte.
Les mer