Bla i boken

Det uferdige huset

roman

Velg format

kr 299
På lager
ISBN
9788249524129

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2021
ISBN 9788249524129
Innbinding Lydbok (nedlastbar)
Tittel Det uferdige huset
Bokgruppe 882
I salg 04.06.2021
Emne Romaner Bygder Vestlandet Skjønnlitteratur Identitet 1900-tallet Historisk litteratur Forfattere Lydbøker
Lest av Endre Hellestveit
Ragnvald Vaage, farfar til Lars Amund Vaage, vart fødd på Husnes i Kvinnherad i 1889. I "Det uferdige huset" har Lars Amund Vaage dikta fritt omkring lagnaden til farfaren, som var blant dei unge lovande landsmålsdiktarane i det nye, sjølvstendige Noreg.

Den dagen Gabriel Hallvardson kjem til verda, er ein svart dag i Hauge-gardens historie. Gabriel skal veksa opp på denne staden ved fjorden som folk fer bort frå, på den eine eller andre måten, og kor det med tida ikkje er andre enn bestemor og den tenksame onkel Helge igjen til å halda oppsyn.
"Alle endrar seg, også dei døde", tenkjer Gabriel. Og han finn trøyst i orda, især når dei liksom svingar seg framfor han og det berre er å henta dei ned på papiret. Helge kan sjå at Gabriel har særskilde evner, og skaffar han plass på folkehøgskule. Her skal Gabriels nye liv ta til og kreftene i han frigjerast, slik Noreg òg skal finna sin veg. Men kva skal det bli til med garden når også dei gamle fer, kven skal skjøtta jorda då, kven skal hogga i skogen, og kven skal ro etter dokter når det trengst?

"Det uferdige huset" er ein roman om å koma til skrifta frå ein fåmælt og jordbunden stad der dikting ikkje har nokon plass, og uttrykka seg på eit nytt språk i eit nytt land som famlar etter ein eigen identitet. Lars Amund Vaage har skrive fram eit gripande portrett av ein ung mann i spenn mellom pliktkjensle og kunstnarkall.
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) vaks opp på Sunde i Kvinnherad og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker.

I 1995 gav han ut romanen Rubato, som han fekk Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for, og som dessutan vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. Vaage har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå, og i 2012 fekk han Brageprisen for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme.

Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, det same er spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. 

I 2001 var Vaage festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen, og i 2008 ved Dei nynorske festspela. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, og i 2018 skreiv han Vinje, vår mann for Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» og turnerte med denne framsyninga som pianist saman med tenoren Aasmund Kaldestad og skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Vaage verkar òg som gjendiktar.

Verk av Vaage er omsett til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.

 

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Les mer

Nyheter

Terje Holtet Larsen og Lars Amund Vaage nominert til P2-lytternes romanpris 2020

Nominasjonene til P2-lytternes romanpris 2020 er nå offentliggjort. Terje Holtet Larsens Oppskrittingen av et indre landskap og Lars Amund Vaages Det uferdige huset er begge nominerte.
Les mer