Det uferdige huset

Velg format

kr 229
Kommer for salg
07.10.2020
ISBN
9788249522927

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2020
ISBN 9788249522927
Innbinding Ebok
Tittel Det uferdige huset
Bokgruppe 852
Design Exil Design
Emne Skjønnlitteratur Romaner
Ragnvald Vaage, farfar til Lars Amund Vaage, vart fødd på Husnes i Kvinnherad i 1889. I "Det uferdige huset" har Lars Amund Vaage dikta fritt omkring lagnaden til farfaren, som var blant dei unge lovande landsmålsdiktarane i det nye, sjølvstendige Noreg.

Den dagen Gabriel Hallvardson kjem til verda, er ein svart dag i Hauge-
gardens historie. Gabriel skal veksa opp på denne staden ved fjorden som folk fer bort frå, på den eine eller andre måten, og kor det med tida ikkje er andre enn bestemor og den tenksame onkel Helge igjen til å halda oppsyn.
"Alle endrar seg, også dei døde", tenkjer Gabriel. Og han finn trøyst i orda, især når dei liksom svingar seg framfor han og det berre er å henta dei ned på papiret. Helge kan sjå at Gabriel har særskilde evner, og skaffar han plass på folkehøgskule. Her skal Gabriels nye liv ta til og kreftene i han frigjerast, slik Noreg òg skal finna sin veg. Men kva skal det bli til med garden når også dei gamle fer, kven skal skjøtta jorda då, kven skal hogga i skogen, og kven skal ro etter dokter når det trengst?

"Det uferdige huset" er ein roman om å koma til skrifta frå ein fåmælt og jordbunden stad der dikting ikkje har nokon plass, og uttrykka seg på eit nytt språk i eit nytt land som famlar etter ein eigen identitet. Lars Amund Vaage har skrive fram eit gripande portrett av ein ung mann i spenn mellom pliktkjensle og kunstnarkall.
Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage (fødd 1952) debuterte i 1979 med romanen Øvelse kald vinter. Tre år seinare slo han gjennom med romanen Fager kveldssol smiler. Han har sidan skrive ei rekke særeigne romanar, noveller, skodespel, barnebøker og dikt. Han er og gjendiktar. Han har motteke mange prisar for bøkene, mellom anna Kritikerprisen i 1995 for Rubato, og Aschehougprisen samme år, for Rubato blei han også innstilt til Nordisk Råds pris. Han har fått Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfatterskap. I 2002 fekk han P2-lyttaranes pris for romanen Kunsten å gå, i 2005 fekk han Emmausprisen for Tangentane og i 2011 fekk han Melsomprisen for Skuggen og dronninga. Romanen Syngja (2012) fekk strålande kritikkar. Vaage fekk Brageprisen, Nynorsk litteraturpris og blei nominert til Kritikerprisen for boka. Det uferdige huset (2020) er Vaages tjuande bok for vaksne. 

Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, og spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Fleire av bøkene hans har skapt debatt då dei kom ut, t.d. Den framande byen, den nyskapande historiske romanen om psykiataren Wilhelm Reich, og romanen Tangentane om ein knust musikardraum frå 2005. Nokre av verka hans har blitt omsette til andre språk, t.d. tysk, russisk, polsk, hindi og engelsk.

I 2001 var han festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen og i 2008 ved Dei nynorske festspela.

Vaage har gjendikta den amerikanske lyrikaren Lorine Niedeckers viktigaste verk Nord sentralt (2003), og Å koma tilbake frå fienden (2006) av cherokee-indianaren Joy Harjo. I 2009 kom Sanndrøymd. Dikt for unge av poeten og bygningsmannen Bob Arnold. I 2007 ga han ut ei omsetjing av Katt på heitt blekktak av Tennessee Williams.

Litterære priser

2012 Brageprisen
2012 Nynorsk litteraturpris
2011 Melsomprisen
2005 Emmaus-prisen
2002 Gyldendalprisen
2002 P2-lytternes romanpris
2001 Festspildikter i Bergen
1999 Oktoberprisen
1997 Doblougprisen
1995 Kritikerprisen
1995 Aschehougprisen
1995 Nynorsk litteraturpris
1993 Samlagsprisen
1990 Alfred Andersson-Ryssts fond

 

Les mer