Den vesle pianisten
noveller
”Den vedvarande appellen ved Vaages prosa ligg i at den evnar å balansere så fininnstilt mellom noko mytisk og noko handfast. Det resulterer ofte i eit påtakeleg musikalsk, for ikkje å seie vakkert språk ... Prosaen er òg appellerande fordi ein overraskande kvass humor avverger det potensielt pompøse ved skildringa av det tause og språklause ... det er få forfattarar i samtidslitteraturen som evnar å skrive om musikk og få det ikkje berre til å bli eit tema, men òg ei form ... det stikk djupt, kjærleiken til språket, til menneska og til musikken. Det er med ein slik sensibilitet overfor ei musisk einsemd Lars Amund Vaage peiker seg ut som ein av våre verkeleg gode samtidsforfattarar”
MARGUNN VIKINGSTAD, MORGENBLADET
”Ordmusikk og tonespråk fra Vaage ... Årets Den vesle pianisten består av åtte forholdsvis lange, men velkomponerte og på ulikt vis interessante noveller som tar opp i seg kjernen i Vaages tematiske register: Språk, musikk og fortelling, utenforskap, tradisjon og samfunn, og kjærlighetens vilkår og vesen. Samtlige noveller bærer forfatterens umiskjennelige stilistiske signatur ... Flere av Vaages personer strir taust med sitt ... Forfatteren selv derimot synes å søke seg stadig dypere inn mot dette usigelige, som diktet dog skal røpe. Og takk for det!”
SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD
”Stilsikre novellar om språk, ord og liv. Lars Amund Vaage har ei særmerkt men sterk stemme i norsk litteratur, også denne gongen ... Språket i Vaages prosa har mange poetiske drag, ikkje minst ein rytme som festar seg etter som ein les. Gjennom dette særmerkte språket veks personar og landskap, ikkje minst hus og heimar, og hyblar, fram ... Vaage skriv om røter, tradisjon, kulturlandskap og familiekultur. I forteljinga om ’Den vesle pianisten’ les vi om kampen for det kunstnarlege språket, det rette uttrykket, om å meistre eller ikkje, om å kopiere eller skape nytt. Dette er ei rik bok”
EMIL OTTO SYVERTSEN, FÆDRELANDSVENNEN
”Vaages nye noveller spiller på kjente toner i grenselandet mellom språk, musikk og språkløshet ... Med korte, enkle setninger, ofte med spørsmålstegn, beveger teksten seg i sirkler rundt menneskelivet, forsøker å fatte livets grenser, med en ordknapphet og elegi som kan minne om gammeltestamentlige tekster”
TOM EGIL HVERVEN, KLASSEKAMPEN
”Lars Amund Vaage er varhetens mester i norsk litteratur ... Lars Amund Vaage (LAV) skriver til dels høytidelig om det lave i mennesket, men også jordnært om det høye, om de edlere aspirasjoner, om kunsten, særlig musikken, og selv om personene i boken kommuniserer dårlig med omverdenen, korresponderer tekstene med leserens erfaringer og gjør dem rikere, særlig ved forfatterens følsomhet for de avgjørende øyeblikkene og ørsmå stemningsskiftene i den enkeltes sinn, og i den ordløse delen av menneskenes dialoger”
ODD W. SURÉN, VAGANT
”Finslipt novellekunst fra Lars Amund Vaage ... på sitt beste er de høydepunkter i norsk prosa ... De sju novellene i høstens bok er alle preget av den lettflytende, fint registrerende prosaen til Vaage ... Den norske bygdeblygheten får seg et slag på nesa av den hvasse Vaage. For midt i den finslipte prosaen kan denne forfatteren være klartskuende til det brutale ... i den avsluttende 'Seint' [..] viser Lars Amund Vaage igjen hvor elegant han kan formulere en fortelling om manglende nærhet og underskudd på kjærlighet. Med hjelp av få og presise setninger stiger det fram en familie som er ute av stand til å sette ord på sine gode følelser. En avslutning som retter oppmerksomheten mot styrken i denne novellesamlingen, koblingen mellom det stilistisk elegante og den ubehagelige avdekkingen av vår ofte hjelpeløse evne til kommunikasjon”
TURID LARSEN, DAGSAVISEN
”Stødig om sakn. I sterke noveller skildrar Lars Amund Vaage korleis ord, eller mangelen på ord, påverkar relasjonar og stemningar ... Forfattarar er heldigvis i den særstillinga at dei kan skildre språkløyse og ordløyse med språk, med Vaage i tetsjiktet ... Språkstilen til Vaage sjølv er rik, dynamisk, klangsterk og undersøkande. Lesaren blir ikkje usikker på kva steg forfattaren har i trappa. Utan at det dermed er sagt at vi veit kvar han til ein kvar tid skal”
INGVILD BRÆIN, DAG OG TID
”Åtte sterke soger frå Vaage ... Eg syntest det var ei stor glede å lese denne novellesamlinga. Ho har mange lag, og heile tida kunne eg nyte forteljingane på grunn av Lars Amund Vaage sin intense og tildels suggererande måte å skrive på.
Boka er med dette tilrådd!”
VIDAR HAUGLAND, KVINNHERINGEN
I dei åtte novellene i "Den vesle pianisten" finst gutungar, ungdomar og vaksne menn som leitar etter eit eige språk, borte frå heimen og bygda, i skrifta eller musikken. Dei lengtar etter ord som kan forløysa noko i dei, ord som kan forbinde dei til andre menneske, ord som kanskje ikkje finst. Reiser dei ut, er dei framande; vender dei heim, er det ikkje nokon heim å finna.
Lars Amund Vaage opnar opp eit stort rom for karakterane sine. I ein både stringent og sølvklår, rytmisk og lyttande prosa skriv han om ambivalensen i menneskelege relasjonar, om sorga over språkløysa og om det plutselege svevet i ein vellukka komposisjon.
Lars Amund Vaage opnar opp eit stort rom for karakterane sine. I ein både stringent og sølvklår, rytmisk og lyttande prosa skriv han om ambivalensen i menneskelege relasjonar, om sorga over språkløysa og om det plutselege svevet i ein vellukka komposisjon.
Vis info om boka Skjul info om boka
Utgitt | 2017 |
---|---|
ISBN | 9788249518791 |
Innbinding | Ebok |
Tittel | Den vesle pianisten |
Bokgruppe | 852 |
I salg | 17.08.2017 |
Emne | Skjønnlitteratur Noveller |